Gå til sidens hovedinnhold

Kvar skal grensa gå for ytringar?

Grensa for ytringar har flytta seg med sosiale medium. Det er ikkje berre positivt for ytringsfridomen.

Kommentar

22. juli. Ein svart dag. 77 menneske mista livet. Åtte av dei i bomba som gjekk av i Regjeringskvartalet. På Utøya mista 69 menneske livet. 32 av dei var under 18 år. Eit forferdeleg terroråtak av ein høgreekstrem. Mange liv vart øydelagt den dagen. Noreg vart endra. Terroråtaket var eit åtak på Ap og AUF og politikken dei stod for, men også på det norske demokratiet.

I åra etter terroråtaket har overlevande måtta tole hets og trakassering i det offentlege rom. Påstandar om at AUF og Ap ikkje må «dra Utøya-kortet» eller «22. juli-kortet» kom, som ansvarleg redaktør i Trønderdebatt Snorre Valen, skriv om i den nyleg utgjevne boka «Utøyakortet», ganske raskt. Overlevande fekk melding om å leggje band på seg for ikkje å hindre den offentlege debatten om innvandring. Tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen vart til dømes anklaga for å ville innskrenke ytringsfridomen, fordi han bad om at folk som deltek i samfunnsdebatten skulle ta eit «ytringsansvar»: Ansvar for kva argument ein brukar og korleis ein formulerer seg.

Retten til å trakassere og hetse og krenkje har dei seinare åra fått ein stor del av plassen i debatten om ytringsfridom. Me må tole kritikk, blir det sagt. Men kva tid vart vaksne menneske sin rett til å hetse andre – grupper eller enkeltmenneske – ein viktig kamp for ytringsfridomen?

For tida går det ein debatt om Ytringsfrihetskommisjonen. Om kvar grensene skal gå for kva ein skal tole av ytringar i det offentlege rom. Om kven som skal avgjera kvar grensene skal setjast. Skal redaktørstyrte aviser sleppe til alle, fordi folk kan skrive om lag kva dei vil i sosiale medium? Kan minoritetsgrupper få lov til å definere kva som krenkjer dei, eller er det majoritetsgruppa sin rett til å ytre kva dei vil som set grensa?

Debatten om ytringsfridom bør delast i to, den som omhandlar det juridiske rommet for ytringsfridom, og den som handlar om rein folkeskikk. Det er for lett å avblåse alle som ynskjer ein anstendig debatt med at dei vil innskrenke ytringsfridomen, som med Eskil Pedersen i 2011.

Sosiale medium har flytta grensene for ytringar. Det er knapt til å tru kva vaksne folk får seg til å skrive med fullt namn og bilete på Facebook. Aviser og enkeltpersonar ender innimellom med å fjerne postar frå Facebook-sidene sine, fordi dei blir reine spybøtter av menneskeleg trakassering. Sjølv om kommentarane i kommentarfeltet kan vera innanfor det som er lovleg, tyder det ikkje at dei bidreg til ein anstendig offentleg debatt. Det som skjer då er ei innskrenking av ytringsfridomen, ikkje ei utviding.

I Aftenposten skriv Utøya-overlevande Elin L'Estrange om den vanskelege debatten etter 22. juli, og om at ho opplevde eit krav frå viktige aktørar i samfunnsdebatten om å moderere seg. Det er paradoksalt å kneble AUF, men samstundes gje ekstreme synspunkt større plass i debatten.

Ein rapport frå Medietilsynet i vår er interessant. Den syner at 10 prosent har opplevd sjikane på nett. Sjikane, hets og trakassering har ført til at folk har valt å moderere seg eller la vera å delta i debattar. Verbal aggresjon og bøllete oppførsel kan teoretisk vera innanfor lovverket for ytringar, men det er ikkje det same som at det er greitt å ytre seg på den måten.

Personar som reagerer på ytringar blir fort anklaga for å vera «lettkrenkelege». Ordet har til og med kome inn i mandatet for Ytringsfrihetskommisjonen: «Det kan hevdes at overdreven skånsomhet er i strid med ytringsfrihetens sentrale begrunnelser, og at det utfordrer ytringsfriheten dersom det er de mest lettkrenkede som skal definere rammene for samfunnsdebatten.» Dei mest lettkrenka?

«Krenkehysteriet» definerer no brått rammer for ytringsfridom. Alt frå kvinnelege kommunepolitikarar, ungdomspolitikarar, kunstnarar, samar, lesbiske og lærarar får grensa oppdregen av andre for kva dei skal tole i det sosiale og offentlege rom. Sosiale medium, underskogar og bloggar opererer ikkje med ein redaktørplakat eller Ver varsam-plakat. At ytringar ufiltrert blir lagt ut i sosiale medium, legg press på tradisjonelle, redaktørstyrte medium, og skapar forventningar om kva som skal bli publisert i avisene.

I mediebransjen har me i fleire år diskutert kva som skal publiserast og ikkje. Innlegg som tidlegare ville vorte sendt rett i søppelkassa får kanskje i dag spalteplass, med å syne til at «me må vise fram kva haldningar som finst». Eller «det er betre at me publiserer det, enn at det berre skal leggjast på Facebook». Skal ekstreme ytringar bekjempast, må me vise dei fram, setje dei i ein samanheng, har vore mantraet.

Eg trur redaktørstyrte medium er viktigare enn nokon gong. Om ikkje anna for å heve anstendigheitas fane i den offentlege debatten.

Kommentarer til denne saken