At det ligg og går kyr og sauer rundt om i hyttefelt og turterreng, er ein del av kvardagen til fjells. Korleis ein skal oppføre seg på tur når ein møter kyr, må også vera ein del av den nødvendige kvardagskunnskapen. Likevel oppstår det kvar sumar farlege situasjonar i møte mellom menneske og dyr på beite.

Utmarksressursane i Valdres er store, og også heilt nødvendige for gardsdrifta. Dyr på beite er og skal vera ein del av Valdres, og strengt teke er det plass til langt fleire dyr på beite enn det er i dag. Beitedyra er i utgangspunktet ikkje farlege. Men det er skilnad på kyr. Ammekyr med kalvar vil naturleg oppføre seg annleis enn mjølkekyr, særleg om ho kjenner seg truga. Ei kyr med kalv vil til dømes kunne oppfatte menneske og hundar som ein fare og gå til åtak, sjølv om det personane eller hunden reelt sett ikkje utgjer ei fare.

Ei ammekyr kan bli opp mot 700-800 kilo tung, alt ettersom kva rasen er. Kyr med kalv på beite er dermed ikkje å spøke med, om uhellet skulle vera ute. Sjølv folk som er vande med å handtere ammekyr og mjølkekyr, kan oppleve utrygge situasjonar.

Men det blir for lettvint å anten seia at det er bøndene sin feil, som ikkje har sosialisert dyra, eller at det turgåarane eller hyttefolk sin feil, som ikkje veit korleis dei skal oppføre seg når ein møter kyr på beite. Når det blir lagt til rette for turstigar i beiteterreng og når det blir bygd hytter i beiteterreng, blir det også meir ferdsel i beiteterrenget. Bønder må også ta ansvar for å opplyse om at det er beitedyr i området, og informere om korleis ein skal oppføre seg som turgåar eller turist.

Det blir færre aktive bønder. Dermed blir det også færre personar som har kunnskap om husdyr og gardsdrift. Kuvettreglane, som vart utarbeid i samarbeid med mellom anna landbruksorganisasjonar og Norsk Friluftsliv, bør setjast opp fleire stader i Valdres. Her må det til eit samarbeid for å informere betre før ein er på tur inn i beiteområdet.