Gå til sidens hovedinnhold

Kven skal betale for hyttefolket?

Å la folk byggje hytter har ikkje berre ei inntektsside. Dei kostar også pengar over kommunane sine budsjett.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Vi har vorte ein nasjon av deltidsinnbyggjarar. Mykje tid blir brukt i fritidsbustadene. Hyttene blir større, og dei blir fleire. Kommunepolitikarar og utbyggjarar legg gjerne til rette for endå meir byggjing, med perspektivet om at det løner seg i det lange løp.

I Valdres er det no fleire hytter enn det er innbyggjarar. Det siste året har vi sett at særleg handelsstanden har kunna nyte godt av den auka hyttebruken. Når fleire er på hytta, blir det også meir handel. Men det finst også ei utgiftsside.

Utfordringa for kommunane er at hyttefolket si helserekning når dei er på hytta blir betalt av vertskommunen. Ein har nemleg krav på same helsetenester om hytta ligg i ein annan kommune enn kommunen ein bur i. Og når stadig fleire bruker stadig meir tid på hytta, veks også behovet for legehjelp og helsetenester. Under pandemien har fleire nytta hyttene sine som heimekontor, og ein auka bruk av hyttene må kompenserast også på utgiftssida.

Les også

Helsepersonell brøt loven: Hytteeier måtte vente flere timer med nakkebrudd

Regjeringa kjem no med eit framlegg om at rekninga for bruk av helsetenester skal sendast til heimkommunen. Dvs. om du bur i Bærum eller Bergen og treng helsetenester når du oppheld deg på fritidsbustaden i Valdres, blir rekninga sendt heim.

Det er prisverdig at prøver å løyse på eit problem mange kommunar har peikt på i lang tid. Så må ein understreke at dei same kommunane har lagt til rette for hyttebyggjing, utan nødvendigvis å ta høgde for konsekvensar det får for tilbodet for helsetenestene. Men når regjeringa samstundes vil greie ut eit tak på eigedomsskatten, er kommunane like langt.

Les også

Kartlegging av naturtyper prioriteres i områder med stor aktivitet og utbyggingspress. Nå er det Beitostølen sin tur

Vi er samde med Høgre i at deltidsinnbyggjarane i større grad må takast omsyn til når det gjeld samfunnsplanleggjing og planleggjing av mellom anna beredskap og infrastruktur. Å la heimkommunen betale for hyttefolkets helseutgifter kan vera ei løysing. Men det er inntektssystemet som er utfordrande. Vi veit frå tidlegare debattar om lokalsjukehusa at deltidsinnbyggjarar/store feriedestinasjonar ikkje har telt inn som pasientgrunnlag for eit lokalsjukehus.

Difor trengst ei inntektsfordeling mellom kommunane i botn, som tek betre omsyn til distriktskommunar med store avstandar, få innbyggjarar, men med desto fleire deltidsinnbyggjarar.

Kommentarer til denne saken