Boktips
Heidi Marie Vestrheim har debutert med eit fyrverkeri av ei barnebok!
Jenny elskar å spele gitar i band med nabo og besteven Signe. Dei er ferdige med 6. klasse og sommarferien skal bli den beste sommaren ever for dei skal spele masse og har lova kvarandre: ingen klissete kjærastar, berre speling. Og så blir dei spurd om å spele på bygdas siderfestival!
Men i staden for å bli glad, blir Signe rar og ho kjem med den verste beskjeden: ho skal flytte til Stavanger! Om ei veke! Siderfestivalen er om fire veker og ikkje nok med at Signe skal flytte, ho skal på sydenferie i to veker!
Dei prøver å skrive låtar over telefon, men i Syden møter Signe Fabian. Og heime i Lierbygda flytter den kulaste rockejenta frå Oslo inn i huset til Signe; Sara. Ho ber Jenny på smoothie og jamming, men skal Jenny bli med på det og svikte besteveninna si? Det skader vel ikkje å berre henge litt med den nye nabojenta? Og kvifor kjenst det som trampeklapp i magen kvar gong ho ser Sara?
Jenny Fender er ei barnebok full av rock, kjensler og bygdeliv. Det er mykje som skjer hjå Jenny, både i kjenslelivet og livet elles. Historia er engasjerande og lettlesen. Den er full av liv og er lett å kjenne seg att i, særleg for dei av oss som bur i ei lita bygd og har store draumar.
Har du lest Maria Parr sine bøker om kule jenter frå små bygder vil Jenny Fender vere eit godt, nytt tilskot.

«Graverens datter»

«Jenter på do»
