Fagernes: Det er Camilla Granlien, kjent songar med tilknyting til Valdres, og dansaren Anita Vika Langødegård frå Øystre Slidre som står for hovudinnslaget i programmet denne kvelden.
Saman med Panta Rei Danseteater har dei i haust arbeidd med tematikken sterke kvinner. Kva meiner ein med «sterk kvinne», og kva for eigenskapar og kvalitetar har ein som sterk kvinne?
Resultatet av samarbeidet vart vist på Riksscenen i Oslo i desember 2018. Dagen blir også markert med ein kvinnepolitisk appell ved Tone Meisdalen, og vi får møte to syriske kvinner – Rajaa Mohammad og Iman Salloum – som i samtale med Tove Skjelstad fortel korleis det har vore for dei å koma som flyktningar til Valdres. Når Internasjonalt kvinneforum arrangerer, blir det også internasjonalt i matvegen. Dei som har med mat, går gratis inn på festen. Kvelden blir avrunda med songen til Yamini Bakir, som brukar dra mange ut på dansegolvet. Det har primært vore kvinner på 8. mars-festen, men festen er også open for menn som vil vera med og feire kvinnedagen.