FAGERNES: Heilt sidan Internasjonalt kvinneforum vart starta i 2001, har laget tatt ansvar for å markere kvinnedagen i Valdres. I år kjem Ingrid Lingaas Fossum for å synge.
Ingrid, som er frå Øystre Slidre, har nyleg gitt ut ein single under artistnamnet Makihiyo, saman med den tanzanianske popstjerna Ben Pol.
Men Ingrid står også støtt i norsk tradisjon: Ho var med og vann gruppespel i langeleik på Landskappleiken på Fagernes i 2015.
Andre innslag på festen blir 15 år gamle Hanin Aljalkh, som samtalar med Berit Øygard om korleis det er for ein ung syrar å finne seg til rette i Valdres.
Kurdisk-syriske Yamini Bakir vil hylle kvinnene på festen med song og kurdisk musikk.
Det blir òg sjanse til å smake mat frå fleire land. Dei som vil ta med seg ei kake eller ein matrett, går gratis inn på festen. Andre betaler inngangspengar.
Dei siste åra har festen vore på Valdres Folkemuseum, og der samlast damene også i år.