Fagernes: Kurset har ein varigheit på 45 timar med mest praktisk arbeid, men også teoretiske gjennomgangar kvar morgon pluss to kveldssamlingar som vert opne for alle. Kurset blir avslutta laurdag 11. mai med open handverksdag. Då inviterer Valdresmusea, som er arrangør, store og små handverksinteresserte til Skiferplassen. Her får ein sjå demonstrasjon av lafting, smiing, linoljemåling, ovnsrestaurering og taktekking. I tillegg til handverk blir det samla lokalmatprodusentar frå Valdres, slik at ein kan få tak i ost, kjøtt, treak og meir.
Laftekurs på Skiferplassen
Artikkelen er over 4 år gammel
6. til 11. mai 2019 held Valdresmusea nytt laftekurs. Det skjer også i år på Skiferplassen i Fagernes sentrum.