Informasjon om gjerdehald og beitebruk i Valdres

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Lovreglane for gjerdehald har lang historie i Noreg. Det er over 1000 år gamle avgjersler og tradisjonar på dette, for å beskytte allmenne interesser vel så mykje som landbruket. Gjerdelova regulerer både oppsett av nye gjerde, vedlikehald av eksisterande gjerde og det kostnadsmessige aspektet rundt dette.

DEL

Gjerdelova skal beskytte ei rekke rettar og plikter. I tillegg kan desse offentlege og privatrettslege omsyn bli ivaretake gjennom skjønn og ulik rettspraksis i ulike område.

Beitebruk:

Å ha dyr på beite er god dyrevelferd og sikrar god utnytting av naturressursane. I tillegg er beitebruk viktig for å halde kulturlandskapet ope og landet i hevd.

Vi har lite matjord i Noreg. To tredelar av denne jorda ligg i terreng og i klimasoner som ikkje eigner seg for anna enn grasdyrking. Graset er til gjengjeld ypparleg fôr til beitedyr. På den måten blir dette grovfôret indirekte til kjøt og mjølk for oss menneske. Berre gjennom husdyra kan vi nyttiggjere oss dette i matproduksjon, og dersom vi skal auke den reelle sjølvforsyningsgraden må heile landet nyttast, og mest mogleg av norsk matproduksjon må skje på norske beite- og grasressursar.

Beitande husdyr sørgjer for eit ope levande landskap og eit biologisk mangfald.

Med dette som bakgrunn vil vi informere om att gjerdene forfell mange plasser, og husdyr og vilt kan vera i fare.

Slike gjerder, som er farlege for husdyr og vilt må vedlikehaldas eller takast heilt ned.

Mattilsynet kan gjera vedtak om fjerning av gjerder, som er til fare for beitende bufe, når gjerdehaldar ikkje viser vilje til å etterkoma kravet han har på seg til å rydde opp etter § 15 i Lov om dyrevelferd. Mattilsynet kan bruke opptrappande verkemidlar, t.d. tvangsmulkt.

Det kviler også erstatningsansvar for skadar som oppstår som følgje av manglande vedlikehald av gjerder. I seinare år har det i enkelte område i stor grad blitt brukt straumgjerde (både rutegjerde og trådgjerde) i hytteområde og på landbrukseigedomar, ein del av disse gjerdene er ikkje tilkopla straum, det gjer desse til potensielle dødsfeller for beitande husdyr og vilt.

Slike gjerder må berre brukast med tilkopla pulserande straum, og under jamleg og hyppig tilsyn. Straumgjerde utan tilkopla straum og utan tilsyn over tid «utset dyr for fare for unødig påkjenning og belasting» og er derfor ulovleg.

Gjerdetypen er ikkje eigna brukt i/mot utmark, men er eit gjerde meint primært for å halde eigne husdyr innanfor eit ønska område. Mot utmark bør berre gjerde av tre (plankegjerde/skigard) eller gjerde av stålnetting (nasjonalgjerde) nyttast.

Det kan ikkje monterast piggtråd på gjerde lenger.

Spørsmål om kven som har beiterett og korleis gjerdeplikta skal forvaltast er ofte kompliserte. Slike saker er ofte ressurskrevjande og utfallet iblant usikkert. Lovbestemt beiterett har ein berre i statsallmeningar. På privat grunn er det ingen lov eller allemannsrett som regulerer kven som har beiterett. Med få unntak har alle beiterett på eigen grunn, mens beite på annan manns grunn må baserast på erverva bruksrett. Kven som har slik bruksrett, vil avhenge av eigedomshistorikken i området, ev. sedvanerett.

Beitebrukerane er opptekne av at utmarka er til for alle og at beitebruken ikkje skal koma i konflikt med annan bruk.

Kva gjer du når du ser eit dårleg gjerde?

1. Prøv å ta ein prat med den som eig det dårlege gjerde.

2. Går ikkje dette kan fjelloppsynet varslast når det gjeld gjerde i statsallmeningar og landbrukskontoret for gjerde i resten av kommuna.

3. Varsel direkte til mattilsynet.

Kva gjer du når du finn skada beitedyr eller husdyrkadaver?

4. Skriv ned nummeret på øyremerket.

5. Merk kadaveret med stein/steinhelle

6. Merk av på staden på kart eller GPS

Ring så fort du kan til leiar i beitelaget eller til sentralbordet i kommuna.

Artikkeltags