Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 vert avlyst

Styret i Folkorg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2020 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i Fron, vorte samde om å avlyse båe arrangementa i 2020.

DEL

Fron/Rjukan: Det betyr at Landskappleiken vert avlyst for første gong sidan 2. verdskrig.

- Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid. Det er første gong Landskappleiken vert avlyst sidan 2. verdskrig, så dette er ein dramatisk situasjon også for organisasjonen vår, skriv FolkOrg i ei pressemelding.

– Vi kan ikkje risikere å utsette folk for smitteeksponering ved å gjennomføre to store arrangement med tett kontakt mellom folk, mot alle råd og restriksjonar frå helsemynde og regjering. Vi kan heller ikkje risikere at våre lokallag knekker ryggen økonomisk dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av avtalar med leverandørar og kommersielle samarbeidspartar, no når det er så stor usikkerheit knytt til gjennomføring. Da er det betre å avlyse sommarens arrangement først som sist, og kome sterkare attende i 2021» seier styreleiar i Folkorg, Hilde Reitan.

Valdres har vore godt representert på desse to festivalane tidlegare år.

Artikkeltags