Gå til sidens hovedinnhold

Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 vert avlyst

Styret i Folkorg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2021 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 i Vågå, vorte samde om å avlyse båe arrangementa også i 2021, meldast det i ei pressemelding frå Folkorg.

–Det er tungt å måtte avlyse Landskappleiken og Landsfestivalen for andre år på rad, men vi meiner det er så stor usikkerheit knytt til smittesituasjon og vaksineframdrift at vi ikkje har anna val. Vi kan ikkje risikere store økonomiske tap for dei lokale arrangørlaga dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av forpliktande avtalar som må gjerast i løpet av kort tid», seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

Heile styret i FolkOrg er samde i avgjersla som er teken saman med dei lokale arrangørlaga.

– Vi har stor forståing for at mange er skuffa no og gjerne skulle sett at arrangementa vart gjennomført, sjølv med smitteverntiltak. Men, vi ønskjer ikkje å ekskludere nokon på våre arrangement, anten det gjeld deltakarar, publikum eller frivillige, så i staden for å gjennomføre LK og LF for dei få, er det mest rettferdig for alle at vi utsett våre to hovudarrangement til neste år», seier Reitan på vegne av alle dei involverte.

Det betyr at Landskappleiken som skulle ha vore i Lom i 2022 vert flytta til 2023 og at Landskappleiken som skulle vore arrangert på Gol i 2023 vert flytta til 2024. Dette er i samråd med dei lokale arrangørane.

Kommentarer til denne saken