Langrenn: Rune Grobakken har teke eit byks opp mot dei aller beste juniorane i Norge

I siste norgescuprenn på Lygna vart Rune Grobakken frå Rogne nummer 17 av 227 deltakarar i juniorklassa 19/20 år. – Det er fyrste gong eg er blant dei femti beste i norgescupen, seier Rune nøgd. Til vanleg er han lærling hos Valdres Installasjon, men fritida brukar han til trening – mykje trening.