Gå til sidens hovedinnhold

Latterleg dårlege fylkesvegar

Hol i vegen. Humpar. Telehiv som aldri blir borte. Sprekkar. Vegar som heller så mykje at det kjennest nærmast som å køyre karusell. Det står dårleg til med fylkesvegnettet i Valdres.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Verst er det kanskje i Etnedal. Der har i alle fall politikarar og innbyggjarar samla seg om ei underskriftskampanje mot den dårlege standarden på vegnettet i kommunen. Ifylgje initiativtakarane til oppropet er vegane så dårlege no at det hemmar utvikling av kommunen. Turistar skal attpåtil bli oppmoda om å ikkje ta bilturen om Etnedal, og ifylgje ordførar Linda Mæhlum Robøle er det så dårleg forfatning på vegane at det går på helsa laus. Ho fryktar at utrykkingsetatane rett og slett kan få vanskar ved utrykking.

Les også

Turistar blir frarådet å ta turen til Etnedal på grunn av vegene: – Slikt blir det ikke utvikling av

Samferdsle er eit underfinansiert felt. Dei aller, aller fleste av oss er avhengige av å bli frakta eller frakte oss sjølve ved hjelp av bil, buss, tog eller ferje. Det gjer at samferdslefeltet blir ein arena der kvar og enkelt av riks- og fylkespolitikarane skal sende ei helsing heim, i staden for å sjå overordna på kvar det faktisk trengst løyvingar og utbetringar no.

I fjor uttala leiaren av samferdsleutvalet i Innlandet, Stein Tronsmoen (Sp) at det for Oppland og Hedmark var eit etterslep på 3,7 milliardar kroner og 7000 kilometer fylkesveg. Litt over ein sjudel av dette er grusveg. Arbeidet med ny fylkesveg 33 over Tonsåsen har gått hardt ut over omkøyringsvegane.

Les også

Oppgitt over fylkeskommunen – stiller spørsmål ved om de bevilgende myndigheter er kompetente

Kor lite prioritert Valdres er for fylkespolitikarane såg me i vinter, då det vart klart at berre 11 kilometer fylkesveg i Valdres får ny asfalt i år. Tre av strekningane som får ny asfalt er i Nord-Aurdal og ei i Sør-Aurdal. I fylkesadministrasjonen sitt framlegg til handlingsplan for fylkesvegane som skal opp i fylkestinget til hausten, vart det i vinter føreslått at i åra 2022–2027 skal prioriterast utbetring av berre tre fylkesstrekningar i Valdres.

Robøle kallar det uforståeleg at vegane i Etnedal ikkje er prioritert i handlingsplanen. Her må rett og slett fylkespolitikarane innsjå kor alvorleg den dårlege standarden er for innbyggjarar, næringsliv, deltidsinnbyggjarar og turistar som tek vegen om Etnedal. Fylkesadministrasjonen må gjerne ta turen til Etnedal og forklare innbyggjarane kvifor Etnedal ikkje er prioritert.

Les også

Dette er vegprosjektene fylket vil prioritere: Foreslår å bygge tre nye bruer i Valdres

Dårleg vegstandard er det fleire andre stader i Valdres. Grusvegar, smale, svingete og humpete vegar, vegar som blir lappa på, vegar ein risikerer å øydeleggje bilen på. Det held rett og slett ikkje mål i 2021.

Kommentarer til denne saken