Løypekøyraren trur skiføret held til over påske, men merkar godt mildvêret: – Varme frå myrer og bekker lagar hòl. Om ein legg løype der kjem folk til å bade

Løypekøyrar i Leirin Skiløyper, Oddvin Bakkene, har støtt på utfordringar i år som han ikkje kan hugse å ha gjort nokon gong tidlegare. Han er likevel ikkje bekymra for at det skal øydeleggje skiføret med det fyrste.