13–15 åringar blir fråtatt den einaste fritida dei har på grunn av lekser. Men det er likevel mange foreldre og lærarar som meiner at lekser er nyttig for ungane og vil behalde dei.

Lyden av barn når det kjem til lekser, kan vere veldig forskjellige. Nokre eksempel kan vere «Å, nei», eller «uff, ikkje i dag og…». Barn reagerer ulikt til leksene dei får. Nokre barn skrik, gret og kranglar seg sakte, men sikkert gjennom leksene sine, mens andre berre plystrar seg gjennom leksene utan nokon problem.

Nokre barn har til og med ingen vaksne som har moglegheita som kan hjelpe ungane sine. Grunnen til det kan jo vere at dei ikkje har lært det eller er utilgjengelege. Då har dei elevane som har foreldre med ei høg utdanning, ein ganske stor fordel. Dette er også ganske urettferdig, syns eg. Dermed er det viktig at unge får lekser som dei kan klare på eiga hand og som ikkje er alt for vanskelege.

Mange meiner at lekser tar bort friheita til ungdom og fører til stress. Burde ikkje ungdom få lov til å bruke fritida si på ting dei faktisk har lyst til å gjere? Nokre eksemplar på dette er å møte vennar, spele eller andre sosiale ting i staden for å bruke lange kveldar til lekser.

Leksene som lærarane gjer oss, stel fritida til unge. Og det er ikkje berre friheita som blir teken frå dei unge. Det fører også til stress hos mange. Stress om få gjort ting riktig, stress om å få gjort ting ferdig i tide.

Eg er ein ungdom sjølv, og eg meiner at lekser har ikkje vore til så stor nytte. Eit spørsmål vi kan spørje oss sjølve er, er ikkje 6 timar med skule nok? Viss 6 timar med skule ikkje er nok, hadde eg gjort det som det er i Finland. I Finland har dei litt lenger skuledagar i staden for å sende ungane heim med lekser. Dette kan vere ei løysning for dette «problemet». Ein time ekstra med skule sidan gjer at ein får meir tid til å gjera andre ting heime. Vi er berre barn, ikkje slavar.

Eit anna argument mot å ha lekser er at det reduserer motivasjonen din. Dette er eg heilt einig i, sidan det er ingen som har lyst til å kome heim frå ein lang og trå skuledag for å gjere lekser. Viss du ikkje har motivasjonen til å starte med leksene du får, kan det gi andre konsekvensar. Det kan for eksempel føre til at ein utsett leksene og aldri gjer dei.

Likevel meiner foreldre at lekser kan vere nyttige. Flest lærarar og foreldre er ueinige med ungdommen. For kva er eigentleg meininga med lekser? Jo, det er at unge skal lære meir og hugsa kva dei hadde lært den dagen. Det skal generelt lære unge, men sånn er det ikkje alltid.

Lekser funkar ikkje likt på all ungdom. Nokon meiner at det er heilt ok, men for dei aller fleste unge er det berre eit kappløp med seg sjølv om å bli ferdig så fort som overhovudet mogleg. Då får dei forhåpentlegvis litt tid til overs til å gjere andre ting dei faktisk vil.

Og om unge skal få lekser, er det noko viktig lærarane må tenke på, tykkjer eg. Og det er at leksene ikkje er for mange eller for vanskelege. Det er viktig for at unge ikkje må bruke kjempelang tid på leksene sine. Om læraren gir for mange og vanskelege lekser, er det lurt å si ifrå.

Teksten er eit bidrag til kronikkonkurransen som vart arrangert våren 2022 i samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal mållag.