Gardsrev og villrev

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

MeningerLiv Løvgreen refererer i avisa Valdres den 20. juli til Bjørnstjerne Bjørnsons «Å reven lå under birkerot, bortved lynget, bortved lynget». 

Det er utan tvil ein vakker tekst som ein lett kan drøyme seg bort frå verkelegheita med, og tru at alle villrevar i skog og fjell berre har gode reveliv utan lidingar.  

Realiteten for villrevstamma av raudrev er at den har vorte sterkt redusert i fleire tiår av reveskabb, og mykje liding for dyra. Det er også flott når fjellreven får utfolde seg fritt på fjellet, men til trass for viktige avlsprosjekt for å bevare og auke fjellrevbestanden, er den framleis sterkt utryddingstruga, og seinast i førre veke kom det på nyheitene at talet på ynglingar og kvelpar i år, er på eit urovekkjande lågt nivå.

Det ville ikkje vera god dyrevelferd å ha ville revar i bur i ein pelsdyrgard, som Løvgreen spør om, det er også i strid med lover og forskrifter å ha ville dyr i bur. Villreven høyrer til i naturen, og difor er det også fullstendig skivebom av Løvgreen, når ho samanliknar gardsrevar med dei ville artsfrendane i naturen.  

Gardsrevane er fødde og oppvakse i pelsdyrgard-tilhøve, og gjennom over 100 år med avl og domestisering har dei vorte så godt utvikla som dei gardsdyra dei står fram som i dag. Mens villrevane brukar mykje av si tid til å jakte etter mat, får gardsrevane servert eit fullgodt fôr, etter kva dei har behov for, til ei kvar tid. I dei få tilfella der det oppstår skader eller sjukdom på ein gardsrev, så blir det teke hand om med ein gong, og reven får nødvendig medisinsk hjelp og tilsyn.

Sjølvsagt er det friviljugt for den som ikkje ser nokon hensikt i å sjå korleis realiteten er for ein gardsrev, men heldigvis er det slik for dei fleste av dei som skal gjera seg opp meiningar,   og ta standpunkt om forskjellige saker i vårt samfunn, at innhenting av kunnskap og fakta frå verkelegheita, er det som dei fleste steller seg til.

Som pelsdyrbonde er uansett noko av det viktigaste ein er oppteken av i det daglege arbeidet og tilsyn med gardsdyra, at dei syner at dei trivst og får det stell og tilsyn som dei har behov og krav på.   Fin og blank pels er også eit godt døme på trivsel.   Dersom dyra hadde vist nokon teikn på mistrivsel eller liding, hadde det ikkje vore dyr i pelsdyrgarden hjå underteikna.

Det norske folk kan vera stolte over husdyrhaldet generelt i Norge. Dyrevelferden og fokuset på dyras levevilkår er på topp, samanlikna med resten av verda, og det er ei klar styrke for heile vårt samfunn at dyra har så gode rettigheiter og at fokuset på dyrs tilhøve er så sterke her i landet.   

Sigbjørn  Kirkebøen, pelsdyrbonde

Artikkeltags