Barnevakten.no på Lidar skule

Øystein frå barnevakten.no viste videoar og gav gode råd til foreldre og barn.

Øystein frå barnevakten.no viste videoar og gav gode råd til foreldre og barn. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Den 7. mars inviterte FAU og Lidar skule alle foreldra på skulen og elevene frå 4.-7. trinn til møte om nettvett og skjermbruk.

DEL

SKAMMESTEIN: Øystein frå barnevakten.no viste videoar og gav gode råd til foreldre og barn. Han var opptatt av at foreldre tok del i unganes liv og mediekvardag, samt vera bevisst på kva rammer ein ynskjer å ha heime hjå seg sjølv.

Etter fellessamlinga vart foreldre og elevar delt opp i grupper i kvar klasse. Her var det forberedt spørsmål til gruppearbeid. Det vart diskutert for eksempel kor mykje tid ein skal bruke framfor skjerm og om ein skal følgje gitte aldersgrenser. Det var ulike meiningar om dette.

Både FAU, elevrådet og lærarane meiner dette var eit viktig møte der ein fekk meir informasjon om nettbruk og utfordringar knytt til dette. Heimane vart oppfordra til å prate med borna sine om temaet og skulen kjem til å følgje opp temaet utover våren både i undervisninga og på foreldremøte.

Barnevakten har også besøkt ØSUS og vil kome til Rogne skule i løpet av våren.

Barnevakten

  • Forening som starta i 2000
  • Arbeider for at barn og unge skal bruke medier på en trygg og bevisst måte
  • Formidler informasjon til foreldre
  • Engasjerer barn til egen refleksjon
  • Formidler gode medieprodukter
  • Bidrar til å beskytte barn mot belastende medieinnhold


Artikkeltags