Lions Clubs heiderspris til Arvid Gulbrandsen og Birger Martinsen

Prisvinnarane Birger Martinsen t.v. og Arvid Gulbrandsen t.h. saman med
presidenten i klubben, Trygve Rogn-Hamre.

Prisvinnarane Birger Martinsen t.v. og Arvid Gulbrandsen t.h. saman med presidenten i klubben, Trygve Rogn-Hamre. Foto:

Av

På Lions Club Valdres si sommaravslutning på Syndinstøga tysdag kveld fekk Arvid Gulbrandsen og Birger Martinsen, båe frå Øystre Slidre, heider og ære for lang og god innsats både i Lions Club Valdres og i samfunnsnyttig frivillig arbeid elles.

DEL

Prisen er synleggjort gjennom ein plakett, som ber namnet til grunnleggjaren av Lions Club International, Melvin Jones.

Prisen vart overrekt av presidenten i klubben, Trygve Rogn-Hamre. Arvid Gulbrandsen har hatt forskjellige roller i styret i klubben gjennom mange år, og vore aktivt med på aktivitetar for å skaffe pengar som klubben har brukt i sitt humanitære arbeid.

Det same gjeld Birger Martinsen. I tillegg har han vore svært aktiv i Øystre Slidre Røde Kors i meir enn ein mannsalder, der han saman med kona si har samla inn panteflasker til ein verdi av 2,2 millionar kroner på trettan år.

Dei to prisvinnarane hausta stor og vel fortent applaus for sin innsats frå dei som var til stades.

Artikkeltags