Rebellar fekk Lions ungdomspris 2019

The Rebels: Med (frå venstre) William Alexander Dalen, Andreas Bærøy Nordsveen og
Espen Austdal saman med presidenten i Lions Club Valdres, Trygve Rogn-Hamre.

The Rebels: Med (frå venstre) William Alexander Dalen, Andreas Bærøy Nordsveen og Espen Austdal saman med presidenten i Lions Club Valdres, Trygve Rogn-Hamre. Foto:

Av

Under ein samankomst på Syndisstøga fekk livebandet The Rebels tildelt Lions Club Valdres sin ungdomspris for 2019.

DEL

Valdres: Prisen, som er på 10.000 kroner, vart overrekt av presidenten i Lions Club Valdres, Trygve Rogn-Hamre, og gutane kvitterte med ein 10 minutt lang konsert for ei lydhør forsamling.

Dei tre som er med i bandet er Espen Austdal (18), William Alexander Dalen (20) og Andreas Bærøy Nordsveen (18). Dei skriv låtane og melodiane sjølve, og er i ferd med å skape seg eit namn i musikkens verd. Dei har allereide gitt ut tre singlar, dei har nådd landsmønstringa i UKM – Ungdommens Kulturmønstring – to gonger. Og dei har mellom anna spelt på Trollrock i 2014 og 2015 og varma opp for Åge Aleksandersen og Dumdum Boys. Sommaren 2018 spelte dei på Vinjerock, og fekk veldig gode tilbakemeldingar. Og dei er komne heilt til den nasjonale finalen i GBOB – Global Battle of the Bands.

Dei har også engasjert seg mykje for å skaffe pengar til Barnekreftforskning. Dei har såleis vore med på to arrangement i regi av tre barnefamiliar i Valdres som har opplevd kreft hjå eit av barna sine. Eit arrangement var i Vang kyrkje og eit var nå nyleg i Kulturhuset på Fagernes. Dei har også halde konsert i Bryggerihuset på Beitostølen, der folk betalte det dei ville i inngangspengar, og alt som kom inn, gjekk til Barnekreftforskning.

– Lions Club Valdres er glade for å kunne støtte slik flott ungdom, som gjer det bra med musikken sin, men som også er engasjert i å hjelpe andre. Dette fell fint inn i det som Lions Valdres er opptatt av, sa Trygve Rogn-Hamre mellom anna i tala si til gutane.

The Rebels i aksjon på Syndinstøga: Frå venstre: Andreas Bærøy Nordsveen, William
Alexander Dalen og Espen Austdal.

The Rebels i aksjon på Syndinstøga: Frå venstre: Andreas Bærøy Nordsveen, William Alexander Dalen og Espen Austdal. Foto:

Artikkeltags