Fridomskamp og sykkelliv på Bok i Valdres 2018

Debuterer: Tharaniga Rajah debuterer med boka om Raisa og dottera Násti.

Debuterer: Tharaniga Rajah debuterer med boka om Raisa og dottera Násti. Foto:

Av

Ei dramatisk historie om samisk kamp for fridom, presentasjon av sykkelturar langs Mjølkevegen og jazzmusikk blir innslag på Bok i Valdres 2018.

DEL

Valdres: I år blir bokkvelden arrangert på Valdres Folkemuseum torsdag 15. november.

Debuterer med bok om samar

Tharaniga Rajah debuterer med boka om Raisa og dottera Násti. Dei reiste heim til Finnmark då Noreg sette i gang med utreinsking av samane. Saman med andre samar går Raisa inn i kampen for ein samisk stat. Boka kan lesast som ei skildring frå ei alternativ norsk verkelegheit, men det er ikkje vanskeleg å dra parallellen til fridomskampar andre stader i verda. Alice Gudheim samtalar med Rajah, og vi får kanskje vite kvifor ei norsk jente med tamilsk bakgrunn vel å leggje handlinga i den første romanen sin til eit samisk miljø.

Jobbsyklist

Birgit Haugen er «jobbsyklist» og har sykla Mjølkevegen frå Golsfjellet og inn i Valdres-fjell, med avstikkarar. Ho fortel i ord og bilde om dei fine opplevingane ein kan ha langs denne ruta, og presenterer boka si: Mjølkevegen med avstikkere. Også andre forfattarar med tilknyting til Valdres presenterer bøkene sine denne kvelden. Det blir både krim, barnebok, lyrikk og ikkje minst lokalkultur. Jazz med Kristina Gyllensvärd og Sigrun Bjørgo og god mat frå restauranten på Valdres Folkemuseum lagar ei hyggeleg ramme for bokopplevingane denne kvelden.

Bok i Valdres 2018 blir arrangert på Valdres Folkemuseum torsdag 15. november. Arrangørar er Nord-Aurdal Mållag, Nord-Aurdal folkebibliotek, Libris Fagernes og Valdresmusea.

Artikkeltags