Lokal barnebok-debutant
Debutant: Kirsten Onstad kjem i desse dagar med den fyrste boka si: ei barnebok med tittelen Den magiske hemmelegheita. Foto: Privat
Kirsten Onstad frå Leira, busett på Tonsåsen, kjem i desse dagar med den fyrste boka si: ei barnebok med tittelen Den magiske hemmelegheita.
Valdres: Magi fører hovudpersonane i boka, Elise og Olai, attende i tid, der dei møter ungdommar på sin eigen alder.
Ung i Valdres i gamle dagar
Gjennom opplevingane til dei to ungdommane frå vår tid fortel Kirsten Onstad korleis det var å vera ung i Valdres for femti og hundre og år sidan – og endå lenger attende. Desse møta blir også viktige for Elise og forholdet ho har til mora. Den magiske hemmelegheita er ei barnebok, men er samtidig ei bok for menneske i alle aldrar.
Med livserfaring frå arbeid med menneske i ulike livsfasar har Kirsten Onstad den menneskekunnskapen som gjer henne skikka til å forstå og framstille både barn og vaksne. Sjølv om dette er den fyrste boka hennar, har ho skrive og dikta all sin dag. I 1996 vann ho konkurransen til avisa Valdres om den beste rakfisksongen.
Illustrasjonane i boka er laga av Håkon Aasnes. Han er mest kjend for å ha laga tekst og teikning til Stomperud, Smørbukk og Annika gjennom fleire tiår. Boka kjem ut på Kvitvella Forlag og er til sals i lokale bokhandlar og direkte frå forlaget. Det er Nord-Aurdal Mållag som eig og driv Kvitvella Forlag.
Kommentarer til denne saken