For nokre er det lange minutt når livet står på spel. Det fekk ekteparet Turid Fossen Nysveen og Einar Nysveen i Etnedal erfare då Einar fekk akutt nyresvikt. Den fyrste ambulansen køyrde seg fast i snøen då den skulle hente Nysveen. Ny ambulanse måtte rekvirerast, og dyrebar tid gjekk før Nysveen kom til sjukehuset.

I store delar av Valdres tek det lang tid frå oppringinga blir gjort til ein AMK-sentral, til ambulansen er til stade hjå pasienten. Bur du i Vang, Øystre Slidre eller Sør-Aurdal er sjansen stor for at ambulansen brukar over dobbelt så lang tid for utrykking samanlikna med Nord-Aurdal. Nord-Aurdal er dessutan den einaste Valdres-kommunen som kan syne til kortare utrykkingstid enn grisgrendte strøk i Innlandet. Det kjem fram i ei oversikt utarbeidd av Helsedirektoratet.

Frå og med i fjor blir utrykkingstida per kommune oppgitt i mediantal. Det vil seia at om det er 40 oppdrag i ein kommune, er det tida for oppdrag nummer 20 som blir teljande i kommuneoversikta. At halvparten av oppdraga brukar lenger tid enn mediantida, og kor lang tid kvart enkelt oppdrag tek, blir underkommunisert med denne bruken av statistikk.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har avgjort at responstida skal målast på denne måten, og det har vorte reist kritikk mot å måle responstid slik. Nasjonalt og i helseføretaka er målet at 90 prosent av utrykkingane i grisgrendte strøk skal vera framme innan 25 minutt. Det er uheldig å ha to ulike måtar å måle responstid på for kommunar og helseføretaka.

Det er også uheldig at me ikkje veit om Valdres-kommunane er innanfor det nasjonale målet om at ambulansen skal vera framme innan 25 minutt i ni av ti akutte oppdrag. Slik kan ein derimot oppnå å skjule lang utrykkingstid i statistikken, og konsekvensane av ei eventuell sentralisering eller omplassering av ambulansar frå distriktsstasjonane blir heller ikkje så synlege.

Ei oversikt frå Helsedirektoratet i desember syner dessutan at ambulansane ikkje når målet for responstid i grisgrendte strøk. I Helse Sør-Aust var 86 prosent av utrykkingane innanfor responstida på 25 minutt. Men når Helsedirektoratet opererer med eit innbyggjartal på 10.000 for at ein kommune er grisgrendt, vil større bygdebyar med kort veg til legevakt vera med på å pynte på tala for heile regionen.

Bak statistikken og ambulanseoppdraga er det menneske som treng akutt hjelp, og som kan sveve mellom liv og død. Då må det ryddast opp i tala, slik at me får eit meir reelt grunnlag å vurdere korleis ambulansetenestene fungerer på. For oss som bur i kommunar med lang avstand til sjukehusa er og blir ambulanseberedskapen hjørnesteinen i beredskapen og tryggleiken me treng.