Løken gard er lagt ut for sal: – Ei siste helsing frå Landbruks- og matdepartementet, seier Marit Knutsdatter Strand
Artikkelen er over 1 år gammel
Løken Gard i Volbu er lagt ut for sal med over 160 mål fulldyrka jord i bygda og ein støl på Berset. Prisantydinga er 7,5 millionar kroner. Det får stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand (Sp) til å reagere: – Dette er nok eit døme på korleis regjeringa demonterer distrikta og landbruket/fjellandbruket, seier ho.