Tanken om ein gondolbane frå Fagernes til Leirin er store, dyre, besnærande og luftige. Det er freistande å kalle heile ideen for eit luftslott. Men for å sitere Henrik Ibsen: Det er stor synd å drepa ein fager tanke.

På næringslivsfrukost i Nord-Aurdal nyleg kunne deltakarane få høyre om «Fagernes Mountain Village». Ifylgje Christian Hedløv Engh, som er avtroppande leiar for Omstillingsprogrammet i Nord-Aurdal, har ein late seg inspirere av mellom anna Voss og Myrkdalen. I Voss har det vore gondolbane sidan 1963, og den nye banen stod klar i 2019.

Prisane er derimot i øvre sjiktet: Per i dag kostar det 315 kroner for ein vaksenbillett, og 190 for ein barnebillett 7 – 17 år. ein veg. Sjølv med familierabatt blir det ei monaleg utgift for å ta banen. Voss Gondol AS har eit samla resultat før skatt på minus 14,2 millionar 2019–2021. Sjølve gondolbanen kosta 300 millionar kroner å byggje.

Difor bør ein vera varsamt entusiastisk for framlegget om gondolbane frå Fagernes til Leirin. I seg sjølv kan ein gondolbane – gjeve at det ligg ein god økonomisk plan til grunn – vera ein attraksjon både for tilreisande og fastbuande. Så gjeld det å finne rette staden. For at ein gondolbane skal ha nokon verdi å ta frå Fagernes til Leirin, må det vera noko å tilby også på toppen. Illustrasjonen frå møtet, med kvasse tindar med snø på, er nok i overkant optimistisk med tanke på kor høge fjell det eigentleg er på Leirin, men ein tur i lufta frå Fagernes og opp vil uansett by på spektakulært utsyn. Men er den spektakulær nok til ein pris per billett på hundrevis av kroner?

Hedløv Engh seier det handlar om å sjå byen og flyplassen i samanheng. «Begge behøver en revitalisering», seier han til avisa. Fagernes som regionsenter har forsvunne i bakevja samanlikna med Beitostølen, Filefjell, Vaset og Aurdalsåsen. Ei utvikling av Fagernes vil koma heile Valdres til gode, også hyttedestinasjonane i regionen.

For å kunne realiserast trengst investorar, godt planarbeid og gode marknadsanalysar – mellom anna. Trengst endå eit utviklingsområde i Valdres? Korleis vil det slå ut i klima- og miljøsamanheng? Det er langt fram, og Leirin-området har vore skjemma av utslepp av store miljøgifter. Byggjing av hotell/hytter på Leirin krev å få i gang att flyplassen på Leirin har vore ein våt draum for valdrisane sidan den vart nedlagt. Vegen fram til utvikling av Leirin er lang, og det er ikkje sikkert den vil føre fram. Men visjonane er nødvendige og viktige.