Gå til sidens hovedinnhold

Lyser ut leiarstilling i kommunen for tredje gong

Artikkelen er over 1 år gammel

Vestre Slidre kommune søker etter ny leiar for teknisk drift. No er stillinga lyst ut for tredje gong.

VESTRE SLIDRE: Stillinga fekk fire søkjarar då han vart utlyst for fyrste gong i februar. Ein av dei fire valde då å trekkje søknaden sin. Grunna få søkjarar valde kommunen å lyse ut stillinga på nytt.

Sju søkjarar melde seg då leiarstillinga vart lyst ut for andre gong. Også da trekte ein av søkjarane seg. Ingen av kandidatane fekk tilbod om jobben, og no er stillinga lyst ut på nytt.

Ei kvinne og seks menn vil bli ny leiar for teknisk drift i Vestre Slidre – tre er lokale

Grundig prosess

– Nokre stillingar er slik at ein bruker noko tid på ein rekrutteringsprosess. Derfor bruker vi den tida som skal til og heller ei utlysing ekstra for å finne rett person, seier kommunedirektør Martin Sæbu.

– Eg håpar at folk som bur i Valdres, eller dei som ynskjer seg hit, nyttar denne anledninga til å søkje på ei spanande leiarstilling, held Sæbu fram, og kjem med ei oppfordring til dei som måtte ha interesse for jobben:

– Ta kontakt dersom du har spørsmål om stillinga, eg svarar gjerne.

Ny frist

– Leiar for teknisk drift har ansvaret for avdelinga si samla operative leiing, styring og utvikling, bl.a. når det gjeld vatn- og avløp, eigedom og veg, samt prosjektleiing for større investeringsprosjekt. Oppfølging av V/A-utbygging i fjellet og bygging av ny sjukeheim ligg innunder dette. Avdelinga har om lag 20 årsverk. Leiar teknisk drift har fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda, les vi om stillinga i utlysingsteksten.

Stillinga er fast og 100 prosent, med arbeidsstad i Slidre.

Søknadsfristen er sett til 13.09.2020.

Les også

Snart takker Ove Hamre for seg, etter 44 års tjeneste: – Da jeg begynte i kommunen hadde vi ikke en eneste datamaskin

Kommentarer til denne saken