Gå til sidens hovedinnhold

Makt og avmakt i ein daglegvarebutikk nær deg

I ei vanleg daglegvarehylle, i ein vanleg butikk, ikkje langt frå deg. Merkevarene blir færre og færre. Daglegvarekjedene sine eigne merkevare (emv) blir fleire og fleire. Er det vårt val som forbrukarar at det blir slik? Eller er det makt og maktbruk?

For abonnenter

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stortinget har dei siste vekene debattert – nok ein gong – makta og avmakta i daglegvarebransjen. Nok ein gong er fasiten på diskusjonane meir utgreiing og fleire rapportar. Det burde uroe oss alle at det tilsynelatande er så vanskeleg å få bukt med makta i daglegvarebransjen.

I april er det ti år sidan Matkjedeutvalet, leia av tidlegare KrF-statsråd Einar Steensnæs, leverte rapporten «Mat, makt og avmakt» om verdikjeda for mat. Sidan den gongen har fire større kjeder vorte tre. Kjedene har gjeve sine eigne emv-produkt større plass i butikkhyllene.

Dei har kjøpt opp industri, kontrollerer det aller meste av distribusjonen av daglegvarer og har sikra ei såkalla stolpedanning i verdikjeda for mat, der store leverandørar knyter seg til éi særskilt kjede. Som når det gjeld slakting, skjering og pakking av raudt kjøtt: Nortura og Norgesgruppen, Fatland og Coop og Nordfjord kjøtt og Rema 1000. Slik blir konkurransen å få forbrukaren inn i butikken, og konkurransen om kva forbrukaren skal velje i butikkhyllene mindre.

No meiner Konkurransetilsynet at daglegvarekjedene kan ha utestengt konkurrentane på mellom 200 og 300 eigedomar over heile landet. Utestenginga skjer i form av ein klausul i ei kontrakt, ein såkalla negativ servitutt, som legg avgrensingar på kva eigedomen kan nyttast til. Ein eigedom knytt til Norgesgruppen kan då ha ein klausul på at Rema 1000 ikkje kan drive butikk der.

Kjedene avgjer kva varer som skal inn i hyllene. Makt til å prise opp varer frå merkevareleverandørane og setje ned prisen på eigne merkevarer. Makt til å styre forbruket vårt i ei retning, mot ein leverandør, om det er Tine eller Q-meieriene, Synnøve Finden, Coop eller Nortura, kylling frå Jæren eller kylling frå Hedmarken.

I det skjulte for forbrukarane pågår maktkampen i daglegvarebransjen om oppkjøp av eigedom eller tilgang til eigna lokale for butikkleige, om retten til innovasjon og produktutvikling, om kva plass varene skal få i butikkhyllene, om kven som skal køyre varene frå fabrikken til butikken. Bonusar og rabattar som blir gjevne frå leverandørane kan ikkje alltid dokumenterast at fylgjer varene heilt fram til forbrukarane.

Hadde dei stadige priskuttkampanjane frå kjedene faktisk halde mål, ville maten vore gratis i dag. Det er den ikkje, trass i at kjedene gong etter gong kuttar prisane med ti og tjue prosent, let deg ta tre, men betale for to, osb. Derimot har prisane gått opp, kunne Nettavisen avsløre nyleg. For same handlekorg var prisane gått opp med mellom 15 og 20 prosent frå oktober i fjor til februar i år, synte Nettavisen sin prissjekk.

Bøndene har ikkje sett mykje til prisoppgangen. Kjedene tykkjer prissjekken til Nettavisen er bak mål, og meiner den berre syner kor billig varene var i oktober. Med det avslører kjedene også sin eigen strategi; i etterkant av kvart einaste priskutt, kjem ein kraftig prisauke. Men ingen reklamerer sjølvsagt med at «kom til oss, no har prisane gått opp 12 prosent!".

I stortingsmeldinga «Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane» som nyleg er behandla, slår Stortinget alarm om makttilhøva i bransjen. Igjen. Næringskomiteen skriv at «en sentral problemstilling i verdikjeden for mat er at mye makt er samlet på hendene til de tre kjedene, og at denne makten er økende.»

Stortinget stadfestar inntrykket som har festa seg ved bransjen dei siste åra, at det er ein bransje prega av lukka tilhøve, der det er vanskeleg å få folk til å prate om dei. At frykta og uvissheita er så stor ti år etter at Matkjedeutvalet la fram rapporten sin, syner korleis politikarane har mislukkast.

Alt den gongen var fryktkulturen til stade i forhandlingar og samtalar mellom daglegvarekjedene og leverandørane, noko som vart avslørt i ein tilleggsrapport som selskapet KPMG laga på oppdrag frå Matkjedeutvalet.

All ære til daglegvarekjedene for å handtere smittevern, til dei butikktilsette som kvar dag, kvar veke står på for å gje oss ei trygg handleoppleving. Bransjen sysselset rundt 100.000 personar, og er ei av dei viktigaste sektorane i landet. Det er heller ikkje det det handlar om.

Det handlar om makt.

Kommentarer til denne saken