Gå til sidens hovedinnhold

Mangfaldig vennelagstur til Øystre Slidre

Den årlege haustturen til Vennelaget for Valdres Folkemuseum gjekk til Øystre Slidre søndag 19. september. Der fekk deltakarane innblikk i levd historie og levande liv i bygdene, formidla av guiden Ola Kristian Robøle-Hegge.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Målet med turane som Vennelaget arrangerer er å opne dører som ikkje er for allmenn ferdsle. Det var difor litt spesielt for dei 40 deltakarane å kunne spasere inn i gjestfrie, private tun og bustadhus av historisk verdi. Med på turen var bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi. Han er tilsett ved museet, og ei god hjelp for dei som har bygningsverdiar som treng omsorg, både for praktisk og økonomiske råd. Bygdene blir fattigare om enklaste løysing, altså riving, vore jamn praksis.

Rudi har sjølv bygd opp eit tun med gamle hus, og inviterte sjenerøst til kaffi i tunet. Lokal byggjeskikk er ein dyrebar skatt. Bruk og bevaring går fint hand i hand, det beste frå fortida brukt i vår tid var det vi fekk sjå der.

Freding av hus og tun kan by på andre utfordringar. Nedre Robøle ligg der som ei autentisk perle, og eigaren Kristin Holtan fortalde om ansvaret som ligg i å eige, vedlikehalde og ta vare på eit freda tun ved bruk.

Olav Robøle fortalde frå tida då vegen gjekk gjennom tunet her. Då var det liv og røre. Far hans, Sigurd Robøle, som vaks opp her, var lærar på ambulerande snikkarskule. Han hadde fyrste elevkullet her på garden.

Skammestein, heimen til O.K. Alfstad (1846-1918), var neste stopp. Her var det ein gong skysstasjon, «Postaabneri» og «Telegrafstation», Dette er restaurert og er våningshus på garden. O.K. Alfstad var lærarutdanna, politisk engasjert, hadde sterke meiningar og stor gjennomslagskraft. Politisk engasjement har fylgt alle generasjonar på garden. Dagens brukar Signe Skammestein er inga unntak. Historia rundt forfedrane sit i veggene, i skrifter og i gjenstandar.

Øvre Sæle står i dag tomt. Det kan nemnast at Kristoffer Sælid kom frå denne garden. Han var sentral i norskdomsrørsla som leiar i Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, og under krigen var han av dei som sytte for at norskdomsarbeidet ikkje vart nazifisert. Huset han vaks opp i har ei dekormåling av dei sjeldne, og tradisjonsmålaren Knut Øystein Bakken var med og fortalde om faget og korleis det vart utført.

På museet står det fleire hus som er komne frå Øystre Slidre. Kvar desse husa har stått fekk vi sjå under turen.

Elles høyrer ei omvising i Hegge Stavkyrkje med til ein tur til Øystre Slidre. Robøle-Hegge er sumarguide her, og ein utømmeleg kunnskapsbase rundt denne historia. Han slo jamvel til med ein flott salmetone på orgelet til slutt.

Vennelaget vil halde fram stafetten med kommunebesøk neste haust, sidan tre kommunar står att.

Kommentarer til denne saken