Manglar ein del prøvesvar, men framleis ingen positive prøver i øvre Valdres

Til saman er 86 personar testa for koronavirus i øvre Valdres. Fleire sit i karantene, men ingen er påvist smitta.

DEL

VANG: – Vi manglar ein del svar frå torsdag og fredag, men framleis er det ingen positive prøvesvar, opplyser kommuneoverlege i Vang, Marit Tuv.

15 personar vart testa fredag, 9 prøver vart tatt dagen før.

Til saman er 86 personar no testa i Vang, Øystre Slidre og Vestre Slidre.

Nye retningsliner

Fredag kom det på plass nye retningsliner for kven skal testast for koronavirussmitte. Frå no gjeld det personar med feber, hoste, eller tungpust, som:

  • treng innlegging på sjukehus
  • bur i ein helseinstitusjon
  • jobbar med pasientar (inkludert milde symptom over 2 døgn)
  • er over 65 år og har kronisk sjukdom (hjarte- og karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom, kreft, immunsvikt).
  • er definert som nærkontakt med bekrefta koronavirussmitta

Fleire i karantene

Fleire sit i karantene i dei øvre av valdreskommunane. Mellom anna sit 17 helsearbeidarar i karantene i Vang.

Kommuneoverlegen fortel at det ikkje skapar problem for helsetenesta i kommunen.

– Det var litt valdsamt med ein gong – men leiarane har løyst det fint. Det er ingen som ikkje får den hjelpa dei skal, forsikrar Tuv.

– Det har meldt seg ein del frivillige til å steppe inn. Det er gjerne folk som har andre jobbar, men kanskje er permitterte, og som har den rette kompetansen.

– Til dømes har vi sikra oss på legekontoret ved at vi har lært opp ein helsesekretær, som til vanleg jobbar på skulen, men som no kan steppe inn ved sjukdom.

– I den delen helsetenesta som er hardast ramma, der flest sit i karantene, har dei tilsette òg strekt seg langt. Dei har gått langvakter, og dei har gjort det med eit smil. Dei har rett og slett vore heilt fantastiske, seier kommuneoverlege Marit Tuv.

Artikkeltags