Gå til sidens hovedinnhold

Mattilsynet må styrkast

Det er ikkje haldbart i lengda at Mattilsynet ikkje har økonomi eller personell nok til å sikre dyrevelferda på gardsbruka.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

NRK avslørte nyleg ei urovekkjande utvikling i Mattilsynet. Statskanalen har snakka med fleire titals inspektørar i Mattilsynet over heile landet. Desse fortel om eit tilsyn som knapt er ute på tilsyn lenger.

Mattilsynet har eit stort ansvarsfelt som strekkjer seg frå mellom anna å sikre oss forbrukarar trygg mat og drygt drikkevatn, at dyrevelferda er god i land- og sjøbasert dyrehald, og til å føre tilsyn og koma med råd til og rettleie i regelverk. Oppgåvene har vorte langt fleire enn det Mattilsynet har fått ressursar til å handtere. Det går ut over dyrevelferda.

I saka frå NRK fortel ein tidlegare inspektør om at han må køyre forbi ein gard der han veit det har vore utfordringar med dyrehelsa. Men han har ikkje tid til å stoppe. Oppgåvene har vorte for mange, og folka for få. Slik kan me ikkje ha det. Norsk landbruk og matproduksjon har mange fortrinn. Eitt av dei er god dyrehelse. Mjølk, kjøtt og egg frå dyr på norske gardsbruk skal ha det godt. I ei politisk styrt næring som jordbruket, skal dyrehelsa og dyrevelferda vera høg.

Krav om kvalitetssikring har ført til meirarbeid for inspektørane, samstundes som talet på dei som utfører tilsyn blir færre. I ein kronikk i Nationen i juli skreiv fleire anonyme veterinærar at: «Vi slukker branner, samtidig som vi vet at det er forebygging som sparer dyrelidelser.» Nationen avdekte tidlegare i år også at talet på tilsyn «helt eller delvis begrunnet med bekymring om dyrevelferden» gjekk ned med 70 prosent frå 2016 til 2020. Ei årsak er ABE-reforma, som har ført til kutt i talet på stillingar.

I to rapportar i 2019, frå høvesvis Riksrevisjonen og KPMG, blir det peika på svært store veikskapar ved korleis tilsynsarbeidet i Mattilsynet blir gjort. Manglande sentrale standarar for kva som skal kontrollerast ute på tilsyn førte til dømes til at ulike regionar utvikla sine eine kravpunktmalar for tilsyn. På grunn av det Mattilsynet sjølv opplyste om var mangel på ressursar, avdekte KPMG også at Mattilsynet ikkje hadde eit planleggjingssystem for tilsyna basert på den observerte risikoen.

Den førre landbruks- og matministeren Olaug Bollestad varsla i sumar at det skal koma ei eiga stortingsmelding om dyrevelferd. Det er viktig at dette arbeidet blir vidareført i den nye regjeringa, med Sandra Borch (Sp) som ny landbruksminister. Ikkje minst må stortingsmeldinga innehalde ei vurdering av kva konsekvensar kutta i og omstillingane av Mattilsynet har ført til for tilsynsarbeidet og dyrevelferda.

Kommentarer til denne saken