MDG Vest­re Slidre og MDG Vang had­de "Grønn kafé" på Vang fol­ke­bib­lio­tek

Av
DEL

Vang: Sist tys­dag ar­ran­ger­te MDG Vest­re Slidre og MDG Vang ‘"Grønn kafé" på Vang fol­ke­bib­lio­tek. Om lag 25 frammøtte lét seg en­ga­sje­re av in­te­res­san­te fo­re­drag, og dis­ku­sjo­nen gikk liv­leg i pau­sen. 

Besteforeldrenes kli­ma­ak­sjon

Ca­ro­li­ne Syn­vis opna med tre ny­de­le­ge lå­tar på lan­ge­leik og gi­tar, og set­te folk i stem­ning både mu­si­kalsk og te­ma­tisk. 

Bod­var Sonstad frå Øyst­re Slidre heldt første inn­legg, han er vald­res­rep­re­sen­tant for "Besteforeldrenes kli­ma­ak­sjon" og har vore med på ei rek­ke de­monst­ra­sjo­nar og ak­sjo­nar både i Norge, og i Paris un­der kli­ma­topp­mø­tet. Han for­tal­de både om kva dei gjer og kvi­for dei gjer det, og det er ins­pi­re­ran­de å sjå at bes­te­for­eld­re­ge­ne­ra­sjo­nen tar an­svar for bar­ne­bar­na sin fram­tid. 

Sonstad er også ihu­ga hum­le­en­tu­si­ast, og vis­te flot­te bi­le­te av kor­leis dei bru­kar hum­ler som ver­ke­mid­del for å få un­gar og andre til å for­stå kor­leis "det ves­le li­vet" heng i hop med dei sto­re end­rin­ga­ne i ver­da. 

Frå Falun til Vald­res

Bjørn Ny­lan­der heldt nes­te inn­legg. Han er bio­log, og har ny­leg tatt over eit små­bruk i Høre sam­an med fa­mi­lien. Han for­tal­de om ve­gen frå Falun i Sve­ri­ge til Vald­res, og dei man­ge vala dei stod ovan­for i den­ne pro­ses­sen. 

Han har tid­le­ga­re dri­ve eit kon­su­lent­fir­ma som har rett­leia bøn­der i kor­leis dri­ve meir mil­jø­venn­leg, og har mykje kunn­skap som det er ein stor res­surs å få inn i Vald­res. No får han også kjen­ne li­vet som gard­bru­kar på krop­pen, og læ­rer mykje kvar dag. Vi gler oss over å få nok ein kunn­skaps­rik og mil­jø­en­ga­sjert bon­de med på la­get.

Yvon­ne Tonnaer har vore primus mo­tor for ar­ran­ge­men­tet, og stil­te også med ost og kurv frå ei­gen gard til pau­sen.

Artikkeltags