– Me har overlevd Tsjernobyl, finanskrisa og pandemi. Men dette trur eg blir verre.
Næringslivet på Valdres-sida i Vang har sagt tydeleg ifrå om at stenging av Lærdalstunnelen vil råke dei hardt. Næringsaktørar i Lærdal seier no det vil bli så alvorleg for dei at dei meiner erstatning er på sin plass.