Gå til sidens hovedinnhold

Me klarte å koma oss gjennom pandemien

For 562 dagar sidan stengde Noreg ned.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Me har sett tomme gater, avgrensingar på kor mange kan vera på bussar, i butikkar, kinoar. Breiddeidretten vart nedstengt. Restaurantar har fått forbod mot å servere alkohol. Skuleelvar fekk undervisning heime. Heimekontor vart regelen for dei som kunne ha det. Militærordet «kohort» vart ein del av daglegtala, og me har halde både ein og to meters avstand til personar som ikkje tilhøyrer denne.

No går Noreg attende til «normalen». Livet kan levast meir eller mindre slik det var før 12. mars 2020. Frå og med laurdag kl. 16.00 opnar idretten att for fullt. Kravet om bordservering og innsleppsavgrensing ved kafear og utestader forsvinn. Det same med regelen om ein meters avstand. No kan me klemme både innanfor og utanfor kohorten, med fullvaksinerte og uvaksinerte.

90 prosent av folk over 18 år har fått fyrste dose koronavaksine. Sjølv om avtroppande statsminister Erna Solberg understrekar at pandemien ikkje er over, melder Folkehelseinstituttet om at det er lite sannsynleg at pandemien kjem ut av kontroll no. Smittetala er på tur ned, det same er sjukehusinnleggingane. Den største kampen mot covid-19 er vunnen med vaksineringa.

Det er godt å kjenne på at me endeleg kan leva som normalt att. Valdres har langt på veg vore skåna for dei største smitteutbrota, mykje takka vera god kontroll og godt smittevernarbeid frå kommunane.

Knapt nokon av oss har opplevd noko tilsvarande som denne pandemien, og det vil me bera med oss i lang tid, om ikkje for resten av livet. Kulturlivet, idretten, lag og foreiningar, kafear og restaurantar med fleire kan no vende attende til normale tilstandar. Det er positivt, ikkje berre for alle som har arbeidsplassane sine i desse sektorane, men også fordi dei bidreg med livskvalitet til alle oss andre.

Me klarte å koma oss gjennom pandemien. Det er verdt å stoppe opp og reflektere over på ein dag som denne. La 25. september 2021 bli ein merkedag.

Kommentarer til denne saken