77 menneske vart drepne då terroristen Anders Behring Breivik gjekk til åtak mot regjeringskvartalet og AUF-ungdomane som var samla til sumarleir på Utøya.

Verken Breivik, Philip Manshaus eller Zaniar Matapour er såkalla «einsame ulvar» sjølv om dei handlar utan hjelp av andre. Breivik og Manshaus hadde begge vorte inspirerte av høgreekstrem og rasistisk ideologi. Matapour, som er sikta for drap og terror, har førebels ikkje ynskt å la seg avhøyre, men har no sagt ja til frivillig, psykiatrisk undersøking. Kva motivet til Matapour var for masseskyinga i Oslo 25. juni, er ikkje kjend. Men han har hatt kontakt med ekstremisten Arfan Bhatti, og har vore i PST sitt søkjelys tidlegare.

Dagen må minne oss om kva som i det ytste er konsekvensane av å overlate debatten til ekstremistar som spreier og byggjer opp konspirasjonsteoriar på forum på det mørke nettet eller i fri dressur i sosiale medium. Å kjempe mot ekstremisme er ein lang og tung kamp. Mindre sosiale skilnader, mindre utanforskap og betre inkludering er nokre av punkta på vegen.

I USA, eit land mange nordmenn er glade i, teiknar det seg no eit skremmande bilete av kva som kan skje når mektige politikarar i staden for å byggje ned utanforskap og splitting, heller sår fiendskap mellom eit «oss og dei»-samfunn og byggjer opp konspirasjonar for å halde på makta. Donald Trump nekta å anerkjenne presidentvalet der han tapte mot Joe Biden, og bidrog til å fyre opp under konspiratoriske personar og organisasjonar i eit håp om å måtte sleppe å gje frå seg presidentmakta. Trump har fram til no hatt stor støtte mellom mange republikanarar. Om han klarar å revitalisere den politiske karrieren si etter høyringane i den amerikanske kongressen, står att å sjå.

John F. Kennedy skal ha sagt at «demokratiet er den høgaste forma for styresett, fordi den er basert på respekt for at alle menneske er fornuftige vesen». Med det sagt er det sjølvsagt ikkje slik om me har ufornuftige folk i eit demokrati, så har me ikkje demokrati. Men sitatet fungere som ei god påminning om at kampen for demokrati, likskap og fridom aldri kan ta slutt.