Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Denne helga går Innlandet til gult farevarsel. Det er fare for både skogbrann og flaum. Ein snørik vinter etterfylgd av ein kald og nedbørsrik vår har gjort at det framleis ligg mykje snø att. Blir det no varmt og det kjem meir nedbør, kan situasjonen blir ein storflaum lik den me såg i 1995, ifylgje statsforvaltar Knut Storberget.
Flaumen Vesleofsen, som råka våren 1995, gjorde store skader på Austlandet, og var den største flaumen sidan Storofsen i 1789. Fredag møtte statsforvaltaren beredskapsorgana og kommunane til møte både om faren for flaum og faren for skogbrann.

Varme og regn avgjør om det blir storflom
I Valdres er fleire vassdrag regulerte. Det gir betre kontroll på ein potensiell storflaum, ved at vasstilførselen kan jamnast ut i større grad enn i uregulerte vassdrag. Strøndafjorden nådde heller ikkje same flaumtopp ved flaumen i 1995 som ved flaumen i 1967.
«Kriseberedskap handlar om å vera førebudd på det utenkelege», seier statsforvaltar Knut Storberget. Det er sjølvsagt ikkje sikkert at det blir storflaum, men om det blir det, blir skadane mindre om me har gjort det me kan for å motverke skader. Statsforvaltaren har kome med ei liste med 13 punkt til korleis kommunar, beredskapsaktørar og kvar og enkelt av oss best kan førebu oss på. Kommunane i Valdres skjerpar også beredskapen for å motverke eventuelle skader av flaum.
Neste uke kan det bli flom på gult og oransje nivå
Ifylgje NVE ligg det no 1,5 til 3 gongar meir snø mange stader enn det som er normalt for året. Låglandet i Innlandet er mest utsett, men flaumen i 1995 førte til skader i Valdres, om enn ikkje i like stort monn som langs Lågenvassdraget. Den gongen raserte vassmengdene stølsvegar, Fjellmaraton måtte finne ny trasé utanom riksveg 51, som var einaste farbare vegen for ferdsel mellom Trondheim og Oslo, skulen i Bagn var flaumtruga, og Etna gjekk over sine breidder. Mellom anna.
Kvar einskild av oss kan førebu oss på flaum. Stikkrenner må sjekkast, kjellarar må ryddast, og me må i verste fall vera budde på at straum og mobildekning kan bli borte, seier Storberget. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap har utarbeidd ei liste over ting me til ei kvar tid bør ha liggjande, om det oppstår ein krisesituasjon. Vatn, tørrvarer og ved er noko av det me bør ha lagra.
Om det verkeleg blir ein storflaum, er det berre vêret som kan avgjera.

Bør forberede seg på ødeleggende flom – Begnavassdraget blant de utsatte

Spesiell forklaring bak dette synet: – Er ikke ønskelig
