Når historia skal skrivast er det langt enklare å fortelje om modige heltar, samhald og motstandskamp enn hat, overgrep og forvisning. I mange bygdesamfunn og byar vart det i tiåra etter krigen lagt lokk på historier som ikkje høvde inn i heltehistoriene som gir gjenklang når ein skal byggje opp att ein nasjon eller eit lokalsamfunn på samhald. Samfunnet trong å gå vidare.

Historier om overgrep, hat og utestenging som ikkje passa inn i samfunnet si kollektive forteljing, vart lagt til side, skuva under teppet og gjekk i gløymeboka. Og når overgrep går inn i gløymeboka, er oppreising så godt som umogleg.

Sjølv 80 år etter er det nødvendig og viktig at offentlege instansar seier orsak. Det gjorde både ordførar Vidar Eltun og banksjef Arnfinn-Helge Kvam i Valdres Sparebank i Vangshallen torsdag, under møtet om boka «Jøden og jorden – drevet fra gård og grunn av norske nazister og gode nordmenn» som handlar om Hans Salomon og familien som kjøpte gard i Vang rett før andre verdskrigen.

Les også

Er nesten så det veltar seg inni ein å lesa

Historia om kva som skjedde med Hans og Gunnvor Salomon ville framleis vore ufortald for nye generasjonar om det ikkje var for forfattar Ingeborg Solbrekken frå Etnedal. Det er sterkt når etterkommarar av Hans og Gunnvor Salomon deltek på eit møte som nettopp handlar om deira eigen familiehistorie, og møter ei forsamling som er meir enn klare for å ta med seg dei mørke sidene ved bygdesamfunnet vidare, og snu det til eit spørsmål om korleis me kan bruke historia for å forme eit samfunn basert på gjensidig respekt og inkludering.

Les også

«Det er trist at ikkje lokalbanken syner meir openheit»

For nye generasjonar gløymer, om ein ikkje fortel historier på nytt og på nytt. Ikkje minst for å klara å skapa eit inkluderande samfunn for alle i dag og for framtida. Den siste tida har avisa Valdres omtala haldingar og språkbruk mellom elevar på nokre av skulane i Valdres. Det er forstemmande når ordet «jøde» framleis blir brukt som skjellsord. Så alvorleg er det, at to kommunar har sendt ut brev til føresette.

Å motarbeide rasisme, homohat og trakasserande ytringar er viktig for å skapa tryggheit og tillit, og eit rom for alle i bygda.

Les også

Ingeborg (61) med sterk kost om Valdres-samfunnet: – Det er dessverre sannheten. Og den må fram.