Gå til sidens hovedinnhold

Me må snakke med kvarandre om sjølvmord

Dei siste seks åra har 22 menneske i Valdres teke livet sitt. Det er 22 for mange.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

639 personar tok livet sitt i Noreg i fjor. Seks av dei var i Valdres. Det døyr langt fleire på grunn av sjølvmord, enn, til dømes, i trafikken. På global basis er det fleire som tek livet sitt, enn som døyr i krig. Trass det høge talet på sjølvmord, er det på langt nær like stor merksemd kring psykisk helse og sjølvmord, som det er, til dømes, kring trafikkulukker.

Trenger du noen å snakke med?

Nord-Aurdal:

I Nord Aurdal kommune kan du ta kontakt på mobil 48054396. Du kan også besøke tjenesten i Familiens hus, Tveitavegen 11 på 2900 Fagernes.

Hjelpetelefoner ellers:

Mental Helse: 116 123

Røde Kors: 815 55 201

Kirkens SOS: 22 40 00 40

Chat: https://www.soschat.no/

Disse kan også hjelpe: Helsesøster på skolen eller på helsestasjonen.

Fastlegen din, som også kan henvise deg til Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) eller Distriktspsykiatrisk senter (DPS).

Hvis situasjonen er akutt, må du ta kontakt med legevakten eller ringe 113.

Kilder: Helsenorge.no, Nasjonalt senter for selvmordsforskning og forebygging

I avisa Valdres har vi ikkje skrive mykje om sjølvmord. Kanskje har vi kvidd oss for mykje når det gjeld å omtale temaet. Det er sårt og vondt for dei etterlatne. Kanskje har vi ikkje skrive særleg om sjølvmord, fordi vi har vore redde for at nokon skal kjenne på skuld. Men for stor varsemd kan føre til berøringsangst kring eit vanskeleg tema. Ein har vore redd for at fleire skal begå sjølvmord som ein konsekvens av omtale. Personvern og omsyn til familie og vener trur vi også har vore viktig i vurderingane.

Les også

– Strekk ut ei hånd og bry deg om. Det kan bety veldig mye for den som sliter.

Dei som går og kjenner på at dei ikkje vil leva lenger må vita at dei ikkje treng å takle vonde tankar åleine. Dei kan få hjelp og omsorg. Då kan pressa bidra gjennom merksemd og informasjon. Medie-Noreg har dei seinare åra endra innstillinga om å ikkje omtale sjølvmord, til å faktisk gripe fatt i spørsmålet. Ver varsam-plakaten, som er mediebransjen sine etiske køyrereglar, vart endra i 2006. Det er utarbeidd ein eigen «Veileder for omtale av selvmord» som er ei god rettesnor for oss.

Sidan 2016 har 22 menneske i Valdres teke livet sitt. 20 av dei er menn. At så mange ikkje orkar livet lenger, er urovekkjande. Alvorleg er det også at det er så mange menn. Ei forklaring er at menn i langt mindre grad enn kvinner oppsøkjer hjelp for psykiske problem. Ei anna er at menn brukar farlegare metodar under sjølvmordsforsøk.

Les også

Dyster statistikk for Valdres: 22 personer har tatt sitt eget liv de siste seks årene

«Nerveproblem». «Vera litt nedfor». «Slit litt». Me har hatt mange talemåtar som sirklar om mental helse, utan å gå i kjernen. Sjølv om mykje har endra seg dei siste åra, er det framleis diverre skamkjensle knytt til å psykiske plagar. Å brekke ein fot, forstue eit handledd eller gå med nakkekrage er lettare, og det er enklare å spørje «Korleis går det med deg?» Professor i psykiatri, Lars Mehlum, seier det rett ut: «Dersom man er bekymret for at en annen person vurderer å ta sitt eget liv, bør man avgjort stille direkte spørsmål om dette til vedkommende.»

Les også

– Dersom man er bekymret for at en annen person vurderer å ta sitt eget liv, bør man avgjort stille direkte spørsmål om dette til vedkommende

Så la oss starte i dag. Kjenn etter korleis du sjølv har det. Treng du nokon å snakke med? Kjenner du nokon du trur treng hjelp? Ta den praten. La oss snakke saman.

Kommentarer til denne saken