Klimatoget kom i stand etter initiativ frå blant andre Naturvernforbundet, Besteforeldrenes Klimaaksjon, For jernbane, Norsk klimanettverk og Action 2015.

Miljøvernminister Tine Sundtoft møtte opp på perrongen i Oslo, heldt klimaappell og ønskte oss god reise. Turen gjekk med NSB til Göteborg. Så vidare med verdas fyrste metanoldrivne ferje, Stena Lines «Supergreen», til Kiel, og deretter med tysk lyntog og franske TGV til Paris. Og farten – den varierte mellom 300 og 320 km/t kunne vi lesa på displayet i togvogna. Med andre ord ein sterk kontrast til toget Oslo-Göteborg som må kjøre på ein meir enn hundre år gammal trasé. Men lokføraren kunne fortelja oss at turen var hundre prosent klimanøytral. 2.600 kilowatt brukte toget på turen, men 600 kWh vart generert i loket og kunne førast tilbake til nettet, slik at netto forbruk vart 2.000 kWh.

Etter terrorangrepet var arrangementet flytt til Montreuilles aust i Paris. Her var det seminar, foredrag, demonstrasjonar og markeringar med musikk og song i gatene under banneret med teksten «Save the arctic, save the poles!»

Det mest tankevekkjande foredraget heldt gardbrukar, sivilagronom og høgskulelektor Thomas Cottis – opphavleg frå Raufoss, sidan 80-talet busett på Hedmark. Cottis har skrive rapporten «En framtid du ikke vil ha», om global oppvarming, på oppdrag frå Framtiden i våre hender.

Cottis skisserte eit lite lysteleg framtidsbilde. Ved ei oppvarming på 2–4 grader over førindustrielt nivå vil polisen smelte og havet stige, slik at fleire øystatar og lågliggjande land blir sette under vatn. Ekstrem varme og matmangel vil føre til at ein til to milliardar menneske ikkje lenger kan livnære seg i dei tropiske landa. Verdas landbaserte matproduksjon vil bli redusert med 30–50 prosent. Dei tørre områda vil bli tørrare og dei fuktige områda våtare og meir vindfulle.

Dette vil kunna føre til større flyktningstraumar nordover på kloden – større enn vi nokon gong har klart å fantasere om til no.

I Norge vil det bli meir ressurskrevjande å produsere mat i norsk landbruk. Norsk natur blir kraftig og negativt påverka. Den norske grana er ein av mange artar som truleg ikkje vil overleva to gradars global oppvarming. Viktige fiskeartar vil bli reduserte, og det blir fleire skadar på hus, vegar og annan infrastruktur på grunn av kraftigare nedbør, flaum, tørke og truleg kraftigare vind. Og kva med snøen – i Valdres kalla for det kvite gull? Auka temperatur vil flytte snøgrensa og skiføret oppover.

Ingen tvil om at politikarane må gjera store grep. Og viljen er no betre enn på lenge. Nesten 200 land har i Paris slutta seg til kravet om at oppvarminga må bli vesentleg under to grader og så nær 1,5 som råd. Og miljøvernminister Tine Sundtoft har fått nær heltestatus for eit historisk vedtak.

Anten vil liker det eller ei: olja må fasast ut, vindkraft, solceller, bølgjekraft, bioenergi og elektrisitet må inn. Den innovative delen av næringslivet kan hjelpe oss.

Eg og du kan også gjera mykje: kjøpe elbil, bruke sykkel, ta bussen i staden for bilen, investere i solcellepanel, kjøre mindre fly og meir tog – og så vidare.

Og kommunane? Etter den grøne bølgja på 70-talet tilsette dei fleste eigne miljøkonsulentar på 80-talet. Kva skjedde? Dei vart overførte til andre oppgåver. I dag er det få som spør om eit kommunalt vedtak er etisk eller klimamessig riktig. Diverre.