Teksten er eit bidrag til kronikkonkurransen i samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal mållag. Kronikken er ein av fem kronikkar som har fått heiderleg omtale. Vi presenterer elevkronikkane komande laurdagar.
Vi er myndige både seksuelt og helserettsleg, og vi har ein rett til å bli høyrde. Vi kan jobbe og tene våre eigne pengar, og nokre av oss betaler skatt. Vi har rettigheiter i fleng, og vi viser oss stadig å vere eit ansvarsfullt og engasjert folk. Vi er born, men vi har seksten og sytten års erfaring med å vere ein del av samfunnet. Vi er dei nesten-myndige – landets seksten- og syttenåringar – vi som gjer mykje av det ein attenåring gjer, utanom det å røyste.
I dag er ein ikkje myndig her til lands før fylte atten, og ein får ikkje delta i verken kommune- eller stortingsval før ein er myndig. Eg meiner det er på tide med ei endring. Ei endring som senkar aldersgrensa for å delta i val til seksten år. Mange fryktar at det å gi oss røysterett, vi som berre er born, vil føre til eit samfunn snudd på hovudet. Sannheita er at eit forsøk i 20 kommunar vitnar om at vi heilt fint kan takle å få røysterett frå fylte seksten. Samtidig er vi ei aldersgruppe som deltek i samfunnet heile tida, og som er godt vand med ansvar.
Det er kanskje skremmande å skulle leggje norsk demokrati delvis i hendene våre, men vi er kunnskapsrike og politisk engasjerte ungdommar som viser at vi har meiningar om kva retning landet skal styrast i. Før vala i 20 utvalde kommunar i 2011 og 2015, der alle frå seksten år fekk røyste, frykta ein at styrkeforholdet mellom dei politiske partia skulle endrast drastisk, fordi ungdomen kom til å ha heilt nye, banebrytande haldningar. I andre enden av desse eksperimenta viser rapportane tvert imot at forholdet endra seg særs lite. Faktisk hadde ungdomane ein direkte positiv effekt ved desse vala, fordi dei bidrog til å røyste fram fleire unge folkevalde, og kommunestyra vart meir representative for lokalsamfunna.
Ungdom har politiske organ som skal fremje våre saker, men når det kjem til store avgjerder som omhandlar det norske samfunnet, er ikkje stemmene våre sterke nok. Vi er framtida, seier de, men vi stiller ikkje likt som andre når framtida skal planleggjast. Barneombod Inga Bejer Engh støttar forslaga om å senke røysterettsalderen. Ho seier i eit debattinnlegg at «ungdomane må bli meir enn berre pynt». Barn og ungdom skal bli høyrde – det er vår rett, og eg meiner at også de vaksne kan dra nytte av å sleppe oss inn i demokratiet tidlegare.
Eg går på skule, jobbar i helger og feriar og betaler skatt, og eg meiner eg er verdig til å ha meiningar om det norske samfunnet i like stor grad som ein attenåring. Diverre er eg akkurat for ung til å ta del i stortingsvalet til hausten. Så går det berre eitt år til eg er myndig, men endå får eg ikkje nytta meg av røysteretten min i stortingsval. Ikkje før eg er tjueein år. Det tyder at gjennom mine tre fyrste år som vaksen er eg fråteken moglegheita til å verke direkte inn på Stortinget, slik som andre heldige årskull kan. Røysterett til seksten- og syttenåringar ville vere ein slags buffer, som gir all ungdom frå seksten år makt til å påverke dei fyrste åra dei er myndige. Å røyste blir eit av dei mange stega våre inn i det ansvarsfulle vaksenlivet.
I testkommunane der ungdom ned til seksten fekk røyste, viste det seg også at ein overraskande stor del av aldersgruppa deltok i valet – deltakinga blant seksten- og syttenåringane låg like under den samla deltakinga blant alle aldrar i kommunane. Høgre deltaking ved val er alltid ein siger for demokratiet, og desse ungdomane viste at vi er klare for å vere med på å ta avgjerder, og at vi også brukar røysta vår, om vi berre får lov.
På papiret er vi born, men vi har hatt god tid på å lære oss å vere gode medborgarar og ta del i samfunnet. Vi er engasjerte og opplyste, og vi er klare for å bruke røysta vår. Tidlegare forsøk viser at vi ikkje skil oss særleg frå dykk vaksne i eit val, men at vi ville gi norsk politikk eit lite dytt i ei positiv retning. Deltakinga i demokratiet går opp, og unge politikarar kjem fram i lyset. Vi er framtida, seier de, men vi må få ei moglegheit til å påverke. Vi er dei nesten-myndige – seksten- og syttenåringane, Noregs framtid – og vi er klare for å røyste.
Kjelder:
Dahle, M., Haraldsen, M., Ryssevik, J. (2020). FOKUS Samfunnskunnskap (1. utg.). s. 234. Aschehoug.
Engh, I.B. (2020). Må lytte til de uten stemmerett. Henta frå https://www.sa.no/ma-lytte-til-de-uten-stemmerett/o/5-46-819027