Med natursnø under skia på Lenningen

Av

I år har snøen latt vente på seg, og i lågareliggjande strøk glimrar snøen med sitt fråvær. Men mange stader i Valdres blir det jobba godt med å skapa skiforhold – sjølv med lite snø. Glade løparar og trenarar frå Valdres Ski tok i helga turen til Lenningen, der landskapet baud på flotte løyper og gode treningsøkter.