Mellerunden i år blir den 50. i rekka

Turrennet Mellerunden blir arrangert for 50. gong den 23. februar i år. Rennet vart starta av Skrautvål IL og Øystre Slidre IL i 1971 og gjekk den gongen frå Skrautvål til Tingvang. Det blir hevda at traseen vart gått opp allereie i 1970 av Olav Bakkene og Kolbjørn Sebu.