Midt i koronaepidemien: Helsetilbodet på Valdres vgs. skal vekk
Open dør: Helserådgivar Toril Olsvik har ein open dør til dei elevane som treng å prate om vanskeleg ting. Foto: Bjørn Karsrud
Toril Olvik har arbeidd som helserådgivar på Valdres vidaregåande skule sidan 1996, men skulen har hatt funksjonen sidan 1977. Midt i koronapandemien foreslår fylkesrådmannen å kutte stillinga.
Valdres: – Eg synest det er trist at fylkeskommunen brått og brutalt foreslår å rive vekk dette tilbodet til ungdommen, seier Olvik, som fyrst og fremst er bekymra for dei unge, ikkje for sin eigen jobb ettersom ho uansett er sikra ein eller annan jobb vidare i systemet.
– Bekymringsfullt
Kommuneoverlege Per Einar Jahr i Nord-Aurdal åtvarar sterkt mot å inndra denne stillinga.
– Eg finn det djupt bekymringsfullt at ein vurderer å trekke inn stillinga som helsesjukepleiar ved vidaregåande skular. Oppvekstvilkåra til barn og unge bør vera eit satsingsområde. I ei sårbar og utfordrande tid i livet er det spesielt nødvendig å ha eit slik lågterskeltilbod med trygge og kompetente fagpersonar. For oss fastlegar er helsesjukepleiarar ein svært viktig samarbeidspartnar i eit tverrfagleg samarbeid rundt dei unge, skriv Per Einar Jahr i ein kommentar til avisa.
– Det dummaste eg har høyrt
Elevrådsleiar Emilie Ødegård Sætre på Valdres vgs. er også svært kritisk til nedleggingsforslaget.
– Å legge ned stillinga som helserådgivar er noko av det dummaste eg nokon gong har høyrt. Eg vart veldig provosert då eg las om dette. Det blir sagt at det skal satsast på ungdommen. Å ha eit tilbod rundt psykisk helse er noko av det viktigaste å bruke pengar på, seier Sætre.
– Vi er heldige i Valdres som har mange gode personar å snakke med, men det blir ikkje det same å prate med ein kontaktlærar eller ein rådgjevar om ting som er vanskeleg. Ein kontaktlærar skal heller ikkje sitta med ei slikt ansvar. Vi elevar treng å få prate med utanforståande personar om fysisk og psykisk helse, personar som vi ikkje treng å omgåast med til dagleg. Ein kontaktlærar har heller ikkje same kompetansen til å hjelpe. Når nokon har noko tungt å bera på, er det viktig å ha ein fagperson å gå til, seier Emilie Ødegård Sætre.
Ho opplever absolutt at elevane på skulen har veldig god nytte av helserådgivaren, og håpar at det er muleg å få til ei betre løysing enn det som er foreslått.
– Dette er ei sak som stressar oss elevar på Valdres vgs. Eg skal no ta saka opp i elevrådet, seier Sætre.
Helsesjukepleiar
Toril Olvik er utdanna sjukepleiar med tilleggsutdanning som helsesjukepleiar. Ho arbeidde dei fyrste ni åra i delt stilling som lærar og helserådgivar. Frå 2005 vurderte leiinga i fylkeskommunen det som viktig å satse meir på førebyggjande arbeid blant elevane og helserådgivarstillinga vart utvida, frå 2008 til 100 prosent. Stillinga har tradisjonelt vore eit spleiselag mellom fylkeskommunen og dei seks valdreskommunane. Dei siste fem åra har skulen også fått prosjektmidlar frå Helsedirektoratet. I skuleåret 2020/2021 har staten også gitt eit ekstratilskot på ein million til ei ekstra helserådgivarstilling. Neste år kan alt dette blir borte.
– Det er uforståeleg at dette er foreslått fjerna ettersom regjeringa både gjennom stortingsmelding og oppfølging har proklamert at psykisk helse blant ungdommen er eit satsingsområde.
– Vi veit også kor mykje ungdommen slit, seier Olvik, som har jobba hardt gjennom mange år for å byggje opp ei tverrfagleg teneste ved skulen.
Mange bankar på døra
– Det er mange elevar som bankar på døra mi, alt frå skuleflinke til dei som slit på skulen, i tillegg til kontaktlærarar og foreldre.
– Mange kjem til oss med tilsynelatande banale ting, men ofte kan det vera alvorlege bakanforliggjande ting som vi må kartleggje gjennom fleire samtaler, for så å henvise til fastlege eller psykiatrisk helsebehandling. For mange er det viktig å ha ein vaksen, nøytral person å snakke med. Under koronaen har det vore ekstra vanskeleg. I perioden med heimeundervisning var det mange som rapporterte om at dei hadde det vanskeleg på heimebane, og mange snudde døgnet rundt Då skulen opna att, erfarte eg at det var mange som var svoltne på kontakt, seier ho.
Olvik opplever det som frustrerande at ein i budsjettforslaget ganske enkelt har lagt inn følgjande formulering: tilskot til helserådgivar «utgår».
– Vi ser det som vårt ansvar å hjelpe elevane til å få betre helse og til å fullføre vidaregåande skule, noko som er ein viktig inngangsbillett til å fungere vidare i samfunnet. Dette er jo også god samfunnsøkonomi, seier Olvik.
Kommentarer til denne saken