Liv Signe Navarsete skulle legge gulstripe over heile Valdres

Av

I september 2006 reiste eg saman med kollega Helge Gudheim heile Hallingdal opp og Valdres ned, på journalistisk oppdrag, for å fotografere og registrere antal meter gul midtstripe. Vi konstaterte at Hallingdal hadde vesentleg meir gulstripe enn Valdres. Det viste seg at at Vestopplands mektige vegsjef Jan Søilen hadde sin eigne gulstripereglar, slik vi oppfatta det, som var forskjellige frå resten av landet. Han hadde trekt kantstripene lenger inn, slik at det etter reglementet ikkje vart nok plass att til gulstripa.