Gå til sidens hovedinnhold

Valdres kunne ikkje få i både pose og sekk

Artikkelen er over 3 år gammel

«Jeg skjønner ikke hva’n Åge tuller med». Åge i denne sammenhengen var vestreslidring og tidlegare stortingsrepresentant Åge Hovengen, og replikken stammar frå tidlegare samferdselsminister Kjell Borgen.

Kommentaren fall rett etter at Ap-statsråden i april 1988 – i lokale til Trafikanten ved Oslo S – la fram stortingspoposisjonen som foreslo nedlegging av Valdresbanen og fleire andre sidebanar, eller innstilling av trafikken som det heitte. Eg dekte saka for avisa Valdres. Etter pressekonferansen rusla vi bort til Oslo S for å ta eit jernbanebilde. Og det var då replikken frå Borgen kom.

Valdresbanetilhengar Åge Hovengen hadde gått høgt ut på banen i forsvaret for Valdresbanen. Han var bitter på si eiga regjeringa. Og han  frykta at ei nedlegging av Valdresbanen også ville dra med seg Gjøvikbanen i sluket. Det var dette Borgen irriterte seg over. Borgen avviste påstanden frå partikameraten.

Det store togrøveriet

Hovengen tok replikk til jul same året. Då vart Hovengen og nokre andre stortingsfolk bedne om å gi bort ein boktittel til ein venn. Hovengen tok oppfordringa på strak arm.

– Eg vil gi ei bok til Kjell Borgen, og det blir «Det store togrøveriet», svara Hovengen.

Men uansett, fleirtalet i Stortinget slutta seg i juni 1988, til forslaget. Nedlegging av Valdresbanen hadde vore på tale heilt frå slutten av 1950-talet, men det vart heile tida stoppa av Arbeidarpartiet og småpartia. Men så skulle det altså bli ein Ap-statsråd som var modig nok til å legge fram forslaget, og då var ikkje Høgre sine representantar seine om å applaudere dette.

– Valdres har stamveg og flyplass, Valdres kan ikkje få både i pose og sekk, sa Borgen.

For meg som ganske nytilsett journalist i avisa den gongen var opplevinga på pressekonferansen spesiell. Då Carl i Hagen i 1986 felte regjeringa Willoch på bensinavgifta, var eg informasjonskonsulent i Samferdselsdepartementet. Borgen tok over som samferdselsminister etter Johan J. Jacobsen.  Eg hadde også eit nært forhold til Valdresbanen. Far min var jernbanemann og hadde arbeidd på Valdresbanen i fleire år, blant anna på Dokka og Nordsinni, og på 60-talet som stasjonsmeister både på Leira og i Aurdal.

OL på Lillehammer?

Den joviale hedmarkingen Kjell Borgen var ein av dei verkelege arbeidshestane til Arbeidarpartiet.  Han vart ordførar i Rena kommune alt som 28-åring og hadde fleire år på Stortinget bak seg då han vart samferdselsminister. Borgen var ein folkeleg og jovial politikar. I departementet likte han best å tiltala folk med fornamn, og han var på ingen måte politisk jålete. Ein episode frå mi tid hugsar eg spesielt godt. Våren 1987 skulle det avgjerast om Lillehammer skulle få OL i 1992.

– Du må laga to pressemeldingar, ei som er samferdselsministeren sin kommentar dersom det blir ja, og ei som er kommentaren dersom det blir nei. Den siste kan du gi tittelen: Det går fleire tog, sa Borgen. Og fleire tog kom det som kjent – Lillehammer fekk OL i 1994. Nyheita om avslaget i 1987 kom for øvrig klokka 14.55. To minutt seinare var pressemeldinga stappa i telefaksen –  til NRK Dagsnytt. Klokka 15.00 vart Borgen sitert i dagsnytt. Det var kjapt den gongen – lenge før internett var ein realitet.

På møte i Øystre Slidre Arbeidarparti

Perioden som samferdselsminister vart ikkje lang. I 1988 foreslo Borgen og  regjeringa at hovudflyplassen skulle leggast til Gardermoen. I Stortinget gjekk fleirtalet inn for Hurum. Borgen vart ofra. Men som kjent kom Kjell Opseth seinare inn på banen som samferdselsminister. Han fekk omgjort vedtaket. I oktober 1992 slutta Stortinget seg til eit forslag om likevel å bygge ut Gardermoen.

Kjell Borgen avslutta karrieren som fylkesmann i Hedmark.  Men før det fekk han ein karriere som kommunalminister, og 15. mars 1991 hadde lokallagsleiar Arne Sælid invitert Borgen til  årsmøtefesten i Øystre Slidre Arbeidarparti på Beitostølen. Borgen sa til avisa Valdres at han var optimist på vegner av Valdres når det gjaldt OL på Lillehammer.

 – OL vil bety mykje for Valdres. Det vil også dryppe på Valdres, sa Borgen, som elles gav samferdselsminister Kjell Opseth si fulle støtte på at stamvegen Oslo-Bergen måtte gå gjennom Valdres.

Og så kom han med ei oppmoding til ordførarkandidatane Kjell Ivar Fossnes og Torleiv Sig. Hovi

– Det er borgarleg fleirtal i Nord-Aurdal og Øystre Slidre. Dette må de få gjort noko med, sa Borgen. Kanskje var det oppmoding frå Borgen som bidrog til at Ap i 1999 tok makta i Øystre Slidre og frå 2007 i Nord-Aurdal?

Kjell Borgen døydde 22. august 1996, berre 56 år gammal. Men han fekk ein lang og viktig politisk karriere.

Bjørn Karsrud

  • Fødd på Gjøvik i 1953, med oppvekst i Land, på Hadeland, i Valdres og på Toten.
  • Busett på Leira 1963-1969 og frå 1987.
  • Bakgrunn som journalist i Dag og Tid, konsulent i Statens informasjonsteneste, infomasjonskonsulent i Samferdselsdepartementet og journalist i avisa Valdres frå 1. juli 1987.

 

Kommentarer til denne saken