ØYSTRE SLIDRE: I to av tilfella er det mistanke om at det dreier seg om omikron-varianten av viruset.

Det er samanheng mellom dei to mistenkte omikron-tilfella og det som tidlegare i kveld vart rapportert frå Nord-Aurdal. Det er analyser frå Sjukehuset Innlandet som indikerar at det kan være omikron-varianten i to av prøvene. Prøvene er no sendt vidare til FHI for endeleg sekvensering.

Dei smitta er i isolasjon, og alle nærkontaktar til dei to som er mistenkt smitta av omikron-varianten er sett i karantene.

Det er elles ikkje rapportert om nye positive hurtigtestar i grunnskulen dei seks siste døgna. Alle skular og kommunale barnehagar har sidan 15. november registrert eitt eller fleire smittetilfelle (av barn og/eller tilsette), men det kan sjå ut som om dette utbrotet no er under kontroll, skriv kommunen på sin heimeside.

Kommunen minner vidare om at alle som har symptom på Covid -19 må halde seg heime og teste seg. Om du har symptom bør du ta kontakt med kommunen sin koronatelefon 480 33 587. Denne er bemanna kvardagar i tidsrommet 9-11. Testing (PCR) vil skje etter avtale.