NAV Valdres arrangerer Jobbmesse

NAV Valdres inviterer arbeidsgivere og arbeidssøkere til jobbmesse 7/2-18.

NAV Valdres inviterer arbeidsgivere og arbeidssøkere til jobbmesse 7/2-18. Foto:

Av

Er du arbeidsgivar og på jakt etter nye arbeidstakarar? Då ynskjer NAV Valdres deg velkomen til å delta på Jobbmesse på Scandic Valdres onsdag 7. februar.

DEL

Innsendt Alle arbeidsgivarar med rekrutteringsbehov har moglegheit til å melde seg på jobbmessa.

- Vi forsøker å få invitert så mange som mogleg direkte, men det seier seg sjølv at vi ikkje når alle, seier avdelingsleiar Pernille Storødegård.

Difor er det viktig for oss å presisere at jobbmessa er open for påmelding for alle arbeidsgivarar i regionen som har eit rekrutteringsbehov i månadane som kjem – kanskje spesielt dei som treng ferievikarar mot sommaren.

Alle arbeidssøkarar i regionen er velkomne På jobbmessa kan ein som arbeidsgjevar profilere bedrifta si, presentere rekrutteringsbehov og snakke direkte med arbeidssøkarar.

På jobbmessa møter ein både jobbskiftarar, nyutdanna, studentar/lærlingar og andre som for tida er på jakt etter jobb.

Arrangementet vil bli godt kunngjort gjennom media ,og arbeidssøkjarar og jobbskiftarar som er tilmeldt NAV får særskild invitasjon frå oss via SMS.

Jobbmessa blir avholdt på Scandic Valdres på Fagernes onsdag 7. februar frå kl. 14.30 til 16.30, og er gratis både for utstillarar og besøkande.

Påmelding for di bedrift og evt. spørsmål kan sendast til marknadskontakt i NAV Valdres Turid Reite eller avdelingsleiar Pernille Storødegård på epost turid.reite@nav.no eller pernille.storodegard@nav.no innan 25. januar 2018.









Send tekst og bilder «

Skriv om ditt lag, din forening og det som skjer i lokalsamfunnet i Valdres.

Artikkeltags