Valdres barne- og ungdomsteater, tre tiår i teneste!

Av

For 30 år sidan kom ein gjeng entusiastar i lag og starta ei uavhengig gruppe med namnet Fagernes barne- og ungdomsteater.

DEL

Innsendt Valdres: Anne Rygh stod i sentrum saman med Terje Gloppen. Vertskommunen, Nord-Aurdal hadde på den tida trufaste og solide støttespelarar i Jan Stundal og Aud Aastveit. Anne hadde stålkontroll på sakene og produserte store ting. Charlie og sjokoladefabrikken blei ein suksess.

Teateraktivitetane har vore varierte, men fleire prosjekt dukka opp, Pippi Langstrømpe, Rødhette og Dyra i Hakkebakkeskogen med hell. Sistnemnte stykke vil dagens Valdres barne- og ungdomsteater setja opp i 2019.

Nytt i desse dagar er at me har deltakarar frå Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Etnedal kommune. Dette løfter laget til nye høgder. Det gir også signal om at arbeidet både frivillige og betalt mannskap gjer er solid og ettertrakta.

Sidan starten i 1988 og fram til i dag har me hatt ein viktig samfunnsoppdrag når det gjeld å gje innpass til dei som kjem til landet vårt for å leva i fred og ro. Blant dei som kom i starten er Jorge Navarro-Fica regissør. Han lærte norsk på scena og er ein vitne til at arbeidet me gjer nyttar. I dag har me nye deltakarar frå andre land som trivst og lærer norsk på ein fabelaktig måte.

Det er mange me kunne nemnt, det gjeld både instruktørar, styre, deltakarar og foreldra. Dei er ikkje gløymde!

Ein 30-årsjubilant har opplevd mangt, mange oppturar og sjølvklart nokre nedturar. Men i denne korte oppsummeringa kan me stadfeste at me har med ein høgst oppegåande og livskraftig 30-åring som vil leve i lang tid framover!

Send tekst og bilder «

Skriv om ditt lag, din forening og det som skjer i lokalsamfunnet i Valdres.

Artikkeltags