Bergsund og Stendebakken fortalde om 2. verdskrigen

Bjørn Stendebakken (t.v.) og Kristian Bergsund har vore på Vestre Slidre skule og fortalt om andre verdskrigen i Valdres.

Bjørn Stendebakken (t.v.) og Kristian Bergsund har vore på Vestre Slidre skule og fortalt om andre verdskrigen i Valdres. Foto:

Av
DEL

SLIDRE: Fredag 16.februar var 9.- og 10.klasse ved Vestre Slidre skule så heldige å få besøk av Kristian Bergsund frå Bagn og Bjørn Stendebakken frå Leira. Dei fortalde elevane om den andre verdskrigen her i Valdres. Dette gjorde dei fordi dei ville at elevane skulle få eit innblikk i korleis livet eigentleg var.

Kristian har sidan 60-talet drive som krigshistorikar. Dei fortalde spesielt om Tysklandsbrigaden. Tysklandsbrigaden var eit militært vaktsystem som skulle sikre freden i Europa. Dei har ein fersk bokproduksjon om Tysklandsbrigaden, i samband med Kåre Kompelien. Vestre Slidre skule fekk to eksemplar av denne boka.

Dei oppfordra også oss elevane til å bli med i Ungdommens Røde Kors her i Vestre Slidre kommune. Med Røde Kors får ein mange nye opplevingar og venner. Bergsund og Stendebakken vart nemleg kjent med kvarandre gjennom Røde Kors.

Vi takkar for eit fantastisk lærerikt foredrag og dei to bøkene vi fekk!

Send tekst og bilder «

Skriv om ditt lag, din forening og det som skjer i lokalsamfunnet i Valdres.

Artikkeltags