Kosar seg på Røn ungdomsklubb

Storkoser seg på klubb: T.v står Oda Emilie Helleren ved sidan av Yaro Germiani i midten, og Nils Sander Sørengen.

Storkoser seg på klubb: T.v står Oda Emilie Helleren ved sidan av Yaro Germiani i midten, og Nils Sander Sørengen. Foto:

Av

Ungdomsklubben i Røn har gjeve ungdom i Vestre Slidre moglegheiten til å vera sosiale på klubbkveldane i staden for å sitte heime

DEL

RØN: Katrine Opheim har vore med på å starte opp ungdomsklubben på samfunnshuset i Røn. Ho sit også i ungdomsrådet i Vestre Slidre kommune, der det kom opp ein sak om at ungdommane i Vestre Slidre sakna ein stad å kunne møtast utanom på skulen. Saman med ungdomsrådet fekk dei starta opp Røn ungdomsklubb i byrjinga av 2017, noko ungdommane set stor pris på.

Treng ikkje å prestere

- På Røn ungdomsklubb har vi ulike aktivitetar, og nokre gonger har vi temakvelder, men det er meint meir som eit lågterskeltilbod for ungdommane. Alle skal kunne kome utan å føle at dei må prestere noko, for det føler ungdom på så mykje ellers, det er berre for å kunne møtast og være sosiale, seier Katrine.

- Stort sett kjem dei same kvar gong, nokon kan ein sjå ein gong men mange av dei kjem att seinare igjen. Det handlar mykje om prioritering, har dei tid kan ein reise på klubben, og ein ser at dei fleste som kjem dukkar opp at stort sett kvar gong, seier Katrine.

Katrine har med seg ein forelder kvar kveld det er klubb, som hjelper til blant anna i kiosken der det er sal av blant anna brus, pizza og godteri. Det blir også spelt musikk og arrangert ulike aktivitetar, og ein ser tydelig at ungdommen likar å vere der. Klubben har gjeve ungdom i Vestre Slidre moglegheiten til å være sosiale på klubbkveldane i staden for å sitte heime.

Positiv ungdom

- Det er positivt at ungdom har ein plass dei kan møtast utan at dei må prestere noko. Det er mange som ikkje er med på aktivitetar som treng den sosiale arenaen utanfor skulen også, då har dei moglegheiten til å komme på klubben i Røn. Vi har sett at behovet for ungdomsklubb i Vestre Slidre er der når det kjem mellom 30-40 ungdom på klubbkveldane kvar gong. Det viser at dei set stor pris på det, fortel Katrine.

Ungdommane som møter opp på klubbkveldane er einige om at det å kunne møte vennene sine og være sosiale er det morosammaste. Dei fleste som er på klubben kjem stort sett kvar gong, og er fornøgde med at dei har moglegheiten til å reise på slike klubbkveldar.

- Det er kult å komme seg ut å være med venner i stedet for å sitte heime, seier Patrick Kvale (15).

Send tekst og bilder «

Skriv om ditt lag, din forening og det som skjer i lokalsamfunnet i Valdres.

Artikkeltags