Klubbrenn i Vestre Slidre

Ved start på klubbrenn på Eggeåsen

Ved start på klubbrenn på Eggeåsen Foto:

Av
DEL

VESTRE SLIDRE: Vestre Slidre IL sine klubbrenn er godt i gang denne sesongen.

Vi har som tidligare renn måndagar i Svedalen og torsdagar på Eggeåsen. Begge dagar kan ein velje enten skileik frå kl. 18.00 eller renn med tidtaking frå kl. 18.30.

På Eggeåsen kan alle som vil og prøve seg på skiskyting, då klubben har eit par juniorrifler til utlån under kyndig veiledning.

Totalt har skigruppa i VSIL dei siste sesongane hatt over hundre utøverar som har kvalifisert seg til premie, gjennom deltakelse på minst to arrangement i løpet av sesongen.

Vi legg vekt på mestring og skiglede på våre arrangement, og det er med utøverar frå 5-6 år og godt opp i veteranklassene.

I februar skal vi også arrangere klubbmeisterskap på Eggeåsen torsdag 22.februar og ikkje minst det årvisse Eggeåsrennet søndag 25. februar.

Send tekst og bilder «

Skriv om ditt lag, din forening og det som skjer i lokalsamfunnet i Valdres.

Artikkeltags