Ingen blir mobba på Vestre Slidre skule ifølge elevundersøking: – Kan vi verkeleg tru på at vi har ein skule heilt fri for mobbing?

Artikkelen er over 1 år gammel

Under siste kommunestyremøte i Vestre Slidre presenterte rektor ved Vestre Slidre skule, Janne Opheim, læringsresultat, samt funn i elevundersøkinga som årleg gjennomførast ved skulen. Her var det spesielt ein ting som vakte oppsikt.