Sjølvskrivne dikt og ei musikalsk reise

Årets tema var KJÆRLEIK. "Vi feirer for å minnest kvar vi kjem frå, og hven vi er. Og det er mange som bur i Vang som kjem frå andre land, og som ønsker å dele litt av sin kultur."

Årets tema var KJÆRLEIK. "Vi feirer for å minnest kvar vi kjem frå, og hven vi er. Og det er mange som bur i Vang som kjem frå andre land, og som ønsker å dele litt av sin kultur." Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Årets feiring av morsmålsdagen på Vang folkebibliotek/Vang frivilligsentral baud på ei musikalt reise gjennom Marokko, med Aissa Tobi og Naser Fellah.

DEL

VANG: Med mange ulike instrument ga dei publikum eit innblikk i ulike musikktradisjonar i Marokko, frå ørkenliv og transeritual til arbeidssongar knytt til landbruk.

I tillegg framførte bebuarar ved Vang mottakssenter, elevar ved Vang læringssenter, skotske Alistair Peters og vangsgjelding og diktar Bjørn Skøre, kjærleiks-dikt på sine morsmål - fleire av dei hadde skrive desse sjølv.

Nokre var også omsett til norsk og vart synt fram på lerret under framføringa, slik som dette av Lammi Begna Rajela frå Etiopia:

Folk har mange helter -
Det gir en modell for å lykkes i livet;
For meg er den helten min mor -
som tok imot mine problemer, bekymringer og spenninger for seg selv,
Å ga meg kjærlighet, lykke og fred -
Du fortalte meg mitt mål -
hvor jeg skulle nå Hvordan erobre livet -
hvor suksess venter på meg.
Men i dag ... Din sønn er langt borte;
Veldig langt borte, over mange åser og hav, men mitt hjerte er med deg.
Lenge leve moren min -
Jeg sverger i kjærlighet...
Hvem er bedre enn mor?

Naser Fellah kjem frå ein musikalsk familie med bakgrunn frå ørkenen i Algerie. Han har budd og jobba som perkusjonist både i Algerie og i USA.

Naser Fellah kjem frå ein musikalsk familie med bakgrunn frå ørkenen i Algerie. Han har budd og jobba som perkusjonist både i Algerie og i USA. Foto:

Vangsgjelding og diktar Bjørn Skøre las dikt.frivilligsentral

Vangsgjelding og diktar Bjørn Skøre las dikt.frivilligsentral Foto:

Artikkeltags